Sunnfjord kommune

Kulturskulen

Kulturskulen

Klikk for stort bileteSom de veit har kulturskulen stengt alle tilboda i sin vanlege form pga Korona-situasjonen. Men lærarane jobbar for å finne kreative digitale måtar å gje kulturskuletilbod på likevel. Øving er viktig, og det er flott viss vi kan møtast i god spele-, skrive-, danse- og teikneform når dette er over.

Dette er eit valfritt tilbod, og er tenkt å vere til inspirasjon og glede:-)

Meir info kjem til alle elevar/føresette direkte frå lærar.

 

 

Kulturskulen flytta inn i nye og flotte lokale 20. oktober 2019. Vi er no knytt saman med Førdehuset og du finn oss mellom Førdehuset og Førde ungdomsskule. Bruk gjerne parkeringsplassen ved ungdomsskulen når du skal besøke oss. 

Kontaktinformasjon kulturskulen

Einingsleiar - kulturskulen, Trude Skarvatun - Klikk for stort bilete Reiakvam foto Trude Skarvatun
Rektor på kulturskulen

Telefon: 57 61 28 10 / 415 05 970
E-post: trude.skarvatun@sunnfjord.kommune.no

Besøksadresse: Angedalsvegen 5
E-post: kulturskulen@sunnfjord.kommune.no
Postadresse: Kulturskulen, postboks 338, 6802 Førde

Undervisningstilbod

Kulturskulen har eit mangfaldig undervisningstilbod innan musikk, song, visuelle kunstfag og skapande skriving. Størstedelen av undervisninga har vi i dei nye lokala i Førde. I tillegg har vi tilbod i Naustdal, Bygstad, Sande, Vassenden, Svidalen og Skei.

Klikk for stort bileteUndervisningstilbod Sunnfjord kulturskule Anita Höllige  

Opptak og søknadsfrist

  • Hovudsøknadsfristen er 15. mai kvart år. 

Søk om plass ved kulturskulen

Søkarar som ikkje får plass ved hovudopptaket vert sett på venteliste, og får tilbod når vi har ledige plassar. 

Innlogging for elevar

Her loggar du inn som elev ved kulturskulen

 

Prisoversikt

Kontingentsatsar Sunnfjord kulturskule
frå 01.01.2020 Per semester  
Elevkontingent kr 1 750,00  
Gruppekontingent Kr 1 500,00  
Elevkontingent utvida undervisningstid kr 2 250,00 Må søkast om
Søskenrabatt 25 % Gjeld ikkje forbruksmateriell og instrumentleige
Instrumentleige kr 500,00  
Materiellkostnad visuelle kunstfag kr 350,00  
Orkester/ band for elevar MED instrumenttilbod i kulturskulen kr 750,00  
Orkester/ band for elevar UTAN instrumenttilbod i kulturskulen kr 1 200,00
Instrumentalundervisning vaksne kr 3 000.00
Bandbinge utleige ungdom kr 600,00  
Bandbinge utleige vaksen kr 1 200,00 Bandbingen ligg ved Skrivarløa nær Førde ungdomsskule


Utmelding må skje skriftleg til administrasjonen seinast 15. mai dersom du ikkje ønsker å starte på haustsemesteret. Seier du opp plassen etter denne dato, må du likevel betale for haustsemesteret.Utmelding

  • Utmelding må skje skriftleg til administrasjonen seinast 15. november dersom du ikkje ønsker å halde fram med vårsemesteret. Seier du opp plassen etter denne dato, må du likevel betale for vårsemesteret.

Distriktsmusikarane

Ønsker du musikkinnslag på tilstelningar kan du bestille musikktenester frå distriktsmusikarane. Ta kontakt med Trude Skarvatun på telefon 57 61 28 10 / 415 05 970 eller på e-post: trude.skarvatun@sunnfjord.kommune.no

Følg med på aktiviteten vår

Vi har mange arrangement i eigen regi og er ofte med som arrangør på kulturhendingar i løpet av året. Følg oss i sosiale media for få med deg all aktiviteten vår. 

Vilkår

Klikk her.

Ny nettside er under oppbygging

Fram til den nye nettsida for kulturskulen er klar, sjå kulturskulen si side. 

Klikk for stort bileteOversiktsplan ny kulturskule Førde Anita Höllige  

Kart