Sunnfjord kommune

Spelemidlar til idretts-, nærmiljø-, og friluftsanlegg

Spelemidlar til idretts-, nærmiljø-, og friluftsanlegg

Kommunar, idrettslag og andre samanslutningar kan søke om statlege spelemidlar til anlegg for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv.

Spelemidlar kan gå til

  • nybygg og rehabilitering av idretts- og friluftslivsanlegg
  • nærmiljøanlegg (utandørsanlegg for fysisk aktivitet i tilknyting til skule- og buområde)

Vilkår for å søke

  • anlegget må vere tatt med i handlingsprogrammet av Kommunedelplan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv
  • anlegget må vere idrettsfunksjonelt førehandsgodkjent av kommunen eller unntaksvis Kulturdepartementet. Søknadsfrist for slik godkjenning er 15. oktober. 

Slik søker du

  • gå i dialog med kommunen så tidleg som muleg.
  • kommunen registrerer anlegget og du får tildelt eit anleggsnummer.
  • anleggsnummeret brukar du for å levere søknaden elektronisk på anleggsregisteret.no Der finn du og svar på mange av dei spørsmåla du måtte ha, om ikkje kan kommunen hjelpe deg,

Søknadsfrist inn til kommunen er 1. november

Kulturdepartementet gjev kvart år ut ein rettleiar  "Bestemmelser om tilskudd til anlegg for idrett og fysisk aktivitet"

Prioriteringsliste for Sunnfjord kommune

Sunnfjord kommune vedtok 11.desember 2019 prioriteringslister for nærmiljøanlegg og ordinære anlegg. Det er bestemt eigne kriterie for prioritering mellom anlegga i Sunnfjord.

Det er i ettertid kome inn fleire søknadar
Ordinære anlegg:

  • Klatrehall på Skei, søker Sunnfjord kommune. Søknaden vert prioritert sist, nummer 31.

Nærmiljøanlegg:

  • Tur/skiløype mellom Bjørkelia og Vassenden skule, søker Jølster IL. Søknaden vert prioritert nest sist, nummer 19.
  •  Gapahuk på Sanden, søker Sunnfjord kommune. Søknaden vert prioritert til sist, nummer 20.

Les vedtak og prioriteringslister