Sunnfjord kommune

Søk om treningstid i idretts- og symjehallar i Sunnfjord kommune

Søk om treningstid i idretts- og symjehallar i Sunnfjord kommune

David Zadig Her kan du søke om treningstid i idretts- og symjehallane: Skei storhall, Jølstrahallen, Førdehuset, Halbrendshallen, Gaularhallen og Naustdalshallen.

Slik søker du om fast treningstid i idretts- og symjehallar

  1. Last ned skjemaet under til din pc
  2. Skriv inn all nødvendig informasjon
  3. Send skjemaet tilbake på e-post til: 

Søknad om tildeling av treningstider i idrettshall (Jølstrahallen, Halbrendshallen, og Naustdalshallen) (PDF, 220 kB)

Søknad om tildeling av treningstider i idrettshall (Skei storhall) (PDF, 220 kB)

Søknad om tildeling av treningstider i idretts- og symjehall (Førdehuset) (PDF, 177 kB)

Søknadsfrist

  • Søknadsfrist: 1. juni 2022.
  • Sesongen er frå 15. august 2022 til 20. juni 2023.
  • Fast treningstid opphøyrer i skulen sine feriar.
  • Oppseiingsfrist: 1 månad
     

Det er høve til å søke på ledig trenigstid fortløpande etter 15. august

  • Inge Larsen, e-post: inge.larsen@sunnfjord.kommune.no (Førdehuset)
  • Aktiv kommune (øvrige idrettshallar) 

    Idrettslag, organisasjonar eller private kan søke om ledige treningstider eller reservere anlegg til arrangement i aktiv kommune. Her vil ein  kunne søke opp eit spesielt idrettsanlegg eller filtrere på type anlegg, idrett, fasilitetar eller bydel.

    Søk om treningstid i Aktiv Kommune

Treng du hjelp til søknadsprosessen?

Du kan kontakte Hege Andrea Sannerhaugen eller Inge Larsen ved behov for hjelp til utfylling av skjema. Det vert også sett opp ein kveld eller to der vi er tilgjengelege for å hjelpe. Tidspunkt kjem.

Prisar for 2022

Sunnfjord kommune har vedteke at alle kommunen sine idrettshallar skal leigast ut etter følgjande prisoppsett:   

Prisoversikt for leige av idrettshallar 2022
Anlegg Timepris (med dugnad) Timepris2 (utan dugnad) Maks dagsats (m/dugnad) Maks dagsats2 (u/dugnad)
Heil handballhall 260 600 1 820 3 800
Idrettssal (1/3 hall) 87 200 800 1 800
Idrettssal (1/4 hall) Førdehuset 150
Heil handballhall barn Førdehuset 100
Idrettssall (1/4) barn Førdehuset 30
Kunstgras 30*50 m 87 200 800 1 800
Kunstgras 50*60 m 174 400 1 740 4 000
Kunstgras 60*100 m 348 800 3 000 6 000
  • Prisoppsettet legg til rette for at lag og/eller organisasjonar som nyttar idrettshallen mykje kan inngå i ein dugnad med kommunen for redusert leigepris. 
  • Det er også slik at alle frivillige lag og organisasjonar i Sunnfjord kommune kan leige til dugnadspris i helgar ved å syte for vakt og ansvarsperson sjølv.
  • I vekene vil dugnadsansvaret ligge til fast(e) idrettslag for kvar hall.
  • Kiosk er inkludert i leige av heil hall.
  • Førdehuset er ikkje mogleg å leige med dugnad eller kiosk. Redusert pris for barn og unge (ved trening, ikkje kamp) vil framleis gjelde for Førdehuset. Det er ikkje sett av midlar i økonomiplanen til å utvide dette tilbodet til heile Sunnfjord kommune.

Prosess for tildeling og moglegheit for å klage

Klage på tildelt treningstid må  sendast skriftleg til Sunnfjord kommune  innan 3 veker frå tildeling. Merk med «klage treningstid idrettshall». Klagen vert handsama av einingsleiar for idrett og friluftsliv.

Kontakt

Hege Andrea Sannerhaugen
Driftskoordinator idrettshallar
E-post
Telefon 57 72 61 15
Mobil 466 41 496

Kontorstad: Førdehuset

Inge Larsen
Idrettskonsulent
E-post
Telefon 57 61 27 63
Mobil 915 56 326
Anne-Grete Nøttingnes Rognsøy
Einingsleiar Idrett og friluftsliv
E-post
Telefon 57 72 61 14