Sunnfjord kommune har mange innspel frå tidlegare kommunar, som ikkje er realisert endå. Om vi ikkje får innspel på at det er aktuelt å starte opp desse dei nærmaste åra, vert dei tatt ut av lista. Det er fullt mogleg å spele dei inn att om det vert aktuelt seinare.
Typar anlegg og nedre kostnadsgrense
Det kan søkjast om spelemidlar til
- ordinære anlegg (for organisert idrett og fysisk aktivitet) – nedre grense for kostnad er 150.000 kroner
- nærmiljøanlegg (for eigenorganisert idrett og fysisk aktivitet) – nedre grense for kostnad er 50.000 kroner
- rehabilitering av eldre anlegg
- turkart – nedre grense for kostnad er 75.000 kroner
Som hovudregel kan ein få tilskot på inntil 1/3 av godkjent kostnad til bygging/rehabilitering av ordinære anlegg. Til nærmiljøanlegg kan ein få tilskot på inntil 50% av godkjent kostnad, maks kr 300 000.
Kven kan søkje?
For å kunne få spelemidlar er det eit krav at ein har eit organisasjonsnummer, og at prosjektet du vil gjennomføre er tatt inn i Sunnfjord kommune si «Kommunal plan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv». Den blir rullert kvart år gjennom vedtak i kommunestyret.
Oversikt over kven som kan søke spelemidlar til ulike typar anlegg, finn du under pkt. 2.3 (side 10) i rettleiar.
Fristar
Innspel til nye anlegg
Meld tilbake til oss innan 1.september om du har planar om prosjekt du vil søkje spelemidlar til. Eigne utfyllande opplysningar kan også leggast ved. Dersom det er feil eller manglar i eksisterande plan, set vi pris på å bli varslar om dette slik av vi kan rette det. Også anlegg som er spelt inn tidlegare, men som ikkje er aktuelle lengre ynskjer vil innspel om. Eksisterande plan og fjorårets rullering finn du her.
Innspel kan sendast til
Merk innsending med saksnummer 22/4778
Søknadsfrist spelemidlar
Den kommunale søknadsfrist på spelemidlar er sett til 1. Oktober. For eksisterande søknader som ikkje har fått tildeling: hugs å gjenta søknad! Merk deg at søknadsskjema for spelemiddelsøknadar i 2023 er opna, og at de kan begynne å legge inn søknadar.
Du søker via Anleggsregisteret sine søknadssider.
Spørsmål
Vi er tilgjengeleg for å hjelpe både på telefon og e-post og tidspunkt for møte kan utførast etter avtale.
Idrettskonsulent: Inge Larsen
Rådgjevar friluftsliv: Solfrid Trå
Einingsleiar: Anne-Grete N. Rognsøy
