Kommunal plan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv vert ein del av plan for kultur, frivilligheit og inkludering. Send innspel.

Gregory Idehen

Vi ynskjer innspel frå lag og organisasjonar som vil bygge eller rehabilitere anlegg for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv i Sunnfjord kommune. Anlegg kan og vere turstiar/-løyper (inkl. merking) og kart. Å legge til rette for at folk kan drive både organisert og eigenorganisert aktivitet i sitt nærmiljø gir både livskvalitet og god folkehelse. Dei som vil etablere slike anlegg kan søke om spelemidlar, for å få finasiert delar av kostnaden.

Kva anlegg vert med vidare i planen

Sunnfjord kommune har ved rullering av kommunal plan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv dei to siste åra varsla om at eldre innspel vil takast ut av planen. Ved utarbeiding av ny plan no vil berre anlegg som har starta planlegginga og informert oss om dette vere med vidare.

Denne delen av planen vert rullert kvart år framover frå 2024 som før, slik at det ikkje er nødvendig å spele inn anlegg som ligg veldig langt fram i tid, bortsett frå større anlegg.

Typar anlegg og nedre kostnadsgrense

Det kan søkjast om spelemidlar til

  • ordinære anlegg (for organisert idrett og fysisk aktivitet) – nedre grense for kostnad er 150.000 kroner
  • nærmiljøanlegg (for eigenorganisert idrett og fysisk aktivitet) – nedre grense for kostnad er 50.000 kroner
  • rehabilitering av eldre anlegg
  • turkart – nedre grense for kostnad er 75.000 kroner

Som hovudregel kan ein få tilskot på inntil 1/3 av godkjent kostnad til bygging/rehabilitering av ordinære anlegg. Til nærmiljøanlegg kan ein få tilskot på inntil 50% av godkjent kostnad, maks kr 300 000.

Kven kan søkje?

For å kunne få spelemidlar er det eit krav at ein har eit organisasjonsnummer, og at prosjektet du vil gjennomføre er tatt inn i Sunnfjord kommune si «Kommunal plan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv». Den blir rullert kvart år gjennom vedtak i kommunestyret.

Oversikt over kven som kan søke spelemidlar til ulike typar anlegg, finn du under pkt. 2.3 (side 10) i rettleiar.

Fristar

Innspel til nye anlegg

  • 1. september

Meld tilbake til oss innan 1. september om du har planar om prosjekt du vil søkje spelemidlar til. Eigne utfyllande opplysningar kan også leggast ved. Dersom det er feil eller manglar i eksisterande plan, set vi pris på å bli varslar om dette slik av vi kan rette det. Også anlegg som er spelt inn tidlegare, men som ikkje er aktuelle lengre ynskjer vil innspel om. Eksisterande plan og fjorårets rullering blir lagt ut her når den er revidert.

Innspel kan sendast til

Merk innsending med saksnummer 24/2992

Søknadsfrist spelemidlar

  • 1. Oktober.

Søknadsskjema for spelemiddelsøknadar i 2024 er opna. Den kommunale søknadsfrist på spelemidlar er sett til 1. Oktober. For eksisterande søknader som ikkje har fått tildeling: hugs å gjenta søknad! 

Du søker via Anleggsregisteret sine søknadssider. 

Les om ordning med forskotering av spelemidlar

Spørsmål

Vi er tilgjengeleg for å hjelpe både på telefon og e-post og tidspunkt for møte kan utførast etter avtale.

Idrettskonsulent: Inge Larsen

Rådgjevar friluftsliv: Solfrid Trå

Einingsleiar: Anne-Grete N. Rognsøy

 

 

           

Kontakt

Solfrid Trå
Rådgjevar friluftsliv
E-post
Telefon 57 72 61 24
Mobil 97 62 30 98
Inge Larsen
Idrettskonsulent
E-post
Telefon 57 61 27 63
Mobil 91 55 63 26
Profilbilde av Anne-Grete Nøttingnes Rognsøy
Anne-Grete Nøttingnes Rognsøy
Einingsleiar
E-post
Telefon 57 72 61 14
Mobil 90 65 10 70