Sunnfjord kommune

Fritidstilbod for ungdom

Fritidstilbod for ungdom

Vi har nokre få ledige plassar på Dans Uten Grenser våren 2020, sjekk om dette er noko for deg.

Påmeldingsfrist 30. januar 2020. 

Skrivarløa i Førde 

Skrivarløa, ein raud stor bygning, finn du rett bak Førde ungdomsskule i Kyrkjevegen 22. Ungdomsklubben er ein møteplass for deg som går på ungdomsskulen og vidaregåande. 

Opningstider

Vi har ope måndag, onsdag og torsdag mellom kl. 14.30 og 20.00 gjennom skuleåret. I feriar har vi andre opningstider.

I tillegg til dei faste opningstidene arrangerer vi Løafredag om lag seks gonger i skuleåret, der vi har ope mellom kl. 19.00 og 23.00.

Kva kan du gjere på Skrivarløa?

Skrivarløa er ein rusfri møteplass for elevar på ungdomsskulen og vidargåande skule. Dei dagane vi har ope kan du mellom anna stikke innom for å: 

  • vere med vennar
  • gjere lekser
  • spele data, Playstation, airhockey, fotballspel, bordtennis og biljard
  • bruke det trådlause nettet vårt
  • lære deg å danse, sjå facebook - Dans Uten Grenser
  • spele i band, eller øve på neste gitarprøve på bandrommet vårt
  • handle i kiosken vår
  • kjøpe deg middag til 30 kroner rett etter skulen (du må bestille innan kl. 15:30)
  • spele brettspel
  • drive med ulike formingsaktivitetar
  • jobbe som frivillig i ei av arbeidsgruppene våre

Søk opp Skrivarløa ungdomshus på facebook  og du kan følge med på kva som skjer. 

Kven arbeider på Skrivarløa?

Skrivarløa er ein kommunal ungdomsklubb, og vi er fire tilsette som har ansvar for den daglege drifta:

Utleige av Skrivarløa til rusfrie arrangement

Vi leiger ut Skrivarløa til rusfrie arrangement i helgene, der ansvarleg for arrangementet må vere over 18 år. 

Utleigeprisen per døgn er 1000 kroner for 1. etasje og 1500 kroner for 1. og 2. etasje. For bestilling eller informasjon om utleige, send e-post til: karin.fedje.boyum@sunnfjord.kommune.no eller til eli.britt.danielsen@sunnfjord.kommune.no

Kontakt

Eli Britt Danielsen
E-post
Telefon 57 61 27 67
Mobil 948 18 440
Karin Fedje Bøyum
E-post
Telefon 970 05 293
Mobil 970 05 293