Sunnfjord kommune

Tilbod til rusavhengige

Tilbod til rusavhengige

Ta kontakt med NAV på telefon 55 55 33 33 om du treng hjelp til å kome deg ut av rusproblem. Du vil få ein timeavtale med ein rettleiar. 

Hjelp til å kome ut av rusproblem

I timeavtalen vil rettleiaren kartlegge kva behov du har. Tiltak og oppfølging vidare blir som hovudregel utforma i samarbeid med deg. For at vi skal kunne tilby deg best mogeleg hjelp, er det viktig at du er open og ærleg om rusproblema dine.

Er du bekymra for ein slektning eller annan nær person?

Ved melding frå pårørande om omfattande rusmiddelproblem/misbruk, skal NAV føreta nødvendige undersøkingar og vurdere tiltak, og eventuelt om det skal fremjast ei sak. Når saka er utgreidd får du som pårørande tilbakemelding.