Sunnfjord kommune

Tilrettelagt transport (TT-kort)

Tilrettelagt transport (TT-kort)

TT-kort er eit tilbod om drosjetransport til deg som har nedsett funksjonsevne og ikkje kan bruke ordinær kollektivtransport på eiga hand. 

Kven kan få tilbodet?

  • Du kan ikkje bruke ordinær kollektivtransport på eiga hand, eller ta deg fram til haldeplassen.
  • Du har nedsett funksjonsevne som er venta å vare lenger enn to år.
  • Du er seks år eller eldre. 
  • Du er folkeregistrert i Sunnfjord kommune. 

Slik søker du om TT-kort

Du må fylle ut eit søknadsskjema, og legen må fylle ut legeerklæring . (PDF, 366 kB)

 

Søknad om TT-kort

Kor lang tid tek det å behandle søknaden?

Søknadane vert behandla fortløpande, og du får vanlegvis svar innan fire veker. 

Kva får du?

  • Får du innvilga søknaden får du eit TT-kort i posten som du brukar når du tek drosje. Det skal dekke eit visst tal fritidsreiser med drosje. 
  • Beløpet på kortet vert fylt opp to gonger i året, 1. januar og 1. juli. Saldo på kortet vert nullstilt ved årsskiftet før påfyll 1. januar. 

Kortet er ikkje meint å bli brukt til sjuketransport, legebesøk, reise til fysioterapeut eller andre reiser som blir dekt av folketrygda. Les meir på pasientreiser.no

Har du spørsmål, ta kontakt med

Tenestetorga på telefon 57 72 20 00. 

Kan du klage på vedtaket?

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du fekk brevet. Forklar kva du er misnøgd med, og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer klagen. 

Retningslinjer som gjeld TT-kort

Kontakt

Tenestetorga er her for å hjelpe deg
E-post
Telefon 57 72 20 00