Sunnfjord kommune

Parkeringskort for rørslehemma

Parkeringskort for rørslehemma

Parkeringskort for rørslehemma skal sikre at du som treng parkeringslette, kan parkere på tilgjengelege parkeringsplassar merka for rørslehemma. Slike parkeringsplassar er utan avgift.

    Kven kan få tilbodet? 

    For å søke om parkeringskort må du ha ei rørslehemming. Du må ha legeerklæring som dokumenterer at du ikkje kan gå eller har store vanskar med å gå over lengre avstandar. Du må kunne dokumentere behov for å parkere ved bustad, arbeid, legebesøk og andre aktivitetar. 

    Slik søker du 

    Du kan søke om parkeringskort både om du køyrer sjølv, eller om du er avhengig av å bli køyrd av andre.

    Søk om parkeringskort for rørslehemma

    Vedlegg du må legge ved søknaden

    1. Passfoto. 
    2. Kopi av førarkort dersom du søker som sjåfør.
    3. Legeerklæring (PDF, 364 kB)som dokumenterer at du ikkje kan gå, eller har store vanskar med å bevege deg over lengre avstandar.

    Kva får du?

    Du får eit kort med namnet ditt og eit bilete av deg på. Du kan då bruke kortet i ulike bilar og parkere på stader som er merka for rørslehemma. Parkeringsbeviset er personleg og følgjer deg, ikkje bilen.

    Kor lang tid tek det å behandle søknaden?

    Vi behandlar søknaden så raskt som råd, og du får vanlegvis svar innan to veker. 

    Kan du klage om du ikkje får innvilga søknaden?

    Dersom du får avslag, kan du klage på vedtaket. Informasjon om klage kjem fram i vedtaksbrevet.   

    Forskrift 

    Kontakt

    Tenestetorga er her for å hjelpe deg
    E-post
    Telefon 57 72 20 00