Sunnfjord kommune

Avlasting for føresette til barn og unge

Avlasting for føresette til barn og unge

Avlasting er ei tenesta til deg som er forelder eller pårørande med tyngande omsorgsarbeid. Målet er å avlaste slik at barnet framleis kan bu heime, og hjelpe deg til å få regelmessig ferie og fritid. 

Kven kan få tilbodet?

  • Tilbodet er for føresette og familiar som har eit særleg tyngande omsorgsarbeid. 
  • Omsorgsbehovet er slik at det gir avgrensa mogelegheit til nødvendig og regelmessig ferie og fritid for føresette og familiar. 
  • Omsorgsbehovet er av fysisk, psykisk eller sosial karakter, og må vere større enn det som er normalt for barnet sin alder. 

Om tilbodet

  • Avlasting kan skje i og utanfor institusjon.
  • Vi vurderer avlasting opp mot andre tenester og tiltak.
  • Avlastingstilbodet gjeld i utgangspunktet ikkje på høgtidsdagar.
  • Føresette må søke spesielt om avlasting på dagar der skule og barnehage er stengt. 

Slik søker du

  • I søknaden skriv du kva du treng hjelp til.

Du brukar felles søknadsskjema for helse- og omsorgstenester for å søke om avlasting for føresette til barn og unge. 

Søk om avlasting

Send søknad til:
Sunnfjord kommune
Tildelingseininga
Postboks 338
6802 Førde 

Kva kostar det?

Tenesta er gratis.

Korleis blir søknaden behandla og kor lang tid tek det?

  • Når du søker om helse- og omsorgstenester er det tildelingseininga som behandlar søknaden. Vi tek kontakt med deg for å avtale eit heimebesøk. På heimebesøket kartlegg vi ditt hjelpebehov, deretter skriv vi eit vedtak.
  • Vi behandlar søknaden så raskt som mogleg. Dersom søknaden ikkje kan avgjerast innan ein månad, sender vi ei skriftleg melding om grunnen til det. 

Har du spørsmål, ta kontakt med

Tildelingseininga på telefon 57 72 20 00, kvardagar mellom klokka 09.00 og 15.00. 

Tenestestandard og lover

Kontakt

Tenestetorga er her for å hjelpe deg
E-post
Telefon 57 72 20 00