Sunnfjord kommune

Vi søker helsepersonell

Vi søker helsepersonell

På grunn av utbrotet av koronaviruset ønsker vi å kartlegge om det er ekstern arbeidskraft i kommunen som kan hjelpe oss om det er behov for det.

Det er først og fremst innan omsorgstenestene vi har størst utfordring. 

Ønsker du å bidra?

Du kan melde di interesse ved å fylle ut det elektroniske skjemaet under. Om det blir aktuelt å bruke ekstern arbeidskraft vil vi ta kontakt med deg. 

Meld di interesse her 

Vi takker alle som har registrert seg så langt

Per 2. april 2020 har 34 personar meldt seg.

Så lurer du kanskje om vi har behov for hjelp?

Slik smittesituasjonen er no, så klarar vi å handtere den ved å omdisponere internt helsepersonell og andre helsetilsette som vi allereie har arbeidsavtalar med. Mange aukar opp stillinga si, og studentar og ferievikarar arbeider meir.

Men så veit vi ikkje korleis dette utviklar seg framover. Skulle vi få mange smitta pasientar kor også helsepersonellet vert smitta eller må gå i karantene, vil behovet vårt bli betydeleg større.  Då vil du vere ein viktig ressurs for oss!

Derfor – du står på våre lister og kan bli kontakta om vi treng deg!

Og – vi ønsker framleis at også fleire held fram med å registrere seg!

Kontakt

Tenestetorga er her for å hjelpe deg
E-post
Telefon 57 72 20 00