Sunnfjord kommune

Bestilling av koronavaksine

Bestilling av koronavaksine

Det er avgjerande for kommunen si planlegging av korona-vaksinering at vi får registrert om du vil ha vaksine. 
 

3. dose koronavaksine til personar over 65 år

Les meir og bestill time

3. dose koronavaksine til personar med nedsett immunforsvar

For å få 3. dose må det dokumenterast at ein tilhøyrer dei utvalde gruppene med alvorleg nedsett immunforsvar. Spesialisthelsetenesta er hovudansvarleg for dette, og pasientane dette gjeld vil motta eit brev frå sjukehuset som dei skal ta med seg til kommunen når dei skal møte opp til vaksinasjon.

Informasjon om 3.dose koronavaksine

Oppfriskingsdose til helsepersonell

Helsepersonell som over tid har kontakt med pasientar med særleg høg risiko for å verte alvorleg sjuke, får no tilbod om ei oppfriskingsdose. Det vil i fyrste omgang vere tilsette ved omsorgssenter og i heimetenestene, og andre med tilsvarande pasientkontakt. Målet med å tilby ei oppfriskingsdose til helsepersonell er å betre beskyttelsen deira mot å bli smitta, først og fremst for å redusere risikoen for å smitte vidare til sårbare pasientar.

Det skal gå minimum 6 månader mellom dose 2 og dose 3.

Påmelding 3. dose helsepersonell

Har du ikkje fått koronavaksine endå?

Dersom du ikkje har fått koronavaksine, men ønsker dette, så må du registrere deg.

Trykk her for vaksineregistrering

  • NB! Du må trykke "bekreft" når du er ferdig med å fylle ut skjema, for at skjema skal bli sendt og registrert.
  • Dersom det er svært høg trafikk på dataserver kan det vere du får opp ein feilmelding. I så fall prøver du på nytt att etter litt tid.

Etter du har registrert deg, så må du i tillegg kontakte kommunen for å bestille vaksinetime.

Bestilling gjer du på telefon: 57722000 eller e-post: postmottak@sunnfjord.kommune.no

Koronavaksine og vaksinasjon er gratis.

Koronavaksine til gravide

Informasjon frå FHI - Koronavaksine til gravide

Koronavaksine for barn 12 - 15 år

Vi ber dei som ønsker vaksine om å registrere barnet (12-15 år) inn på vaksineregistrering  (logg inn med eigen BankID og registrer på vegne av barnet), og sende mail med namn og fødselsdato til Trude.Erdal@sunnfjord.kommune.no. Om du ikkje vil melde på digitalt så meld ønsket til same mailadresse. 

Det er vaksina Pfizer elevane får tilbod om, og barnet må vere fylt 12 år for å få den. BEGGE føresette må signere på vedlagt samtykkeskjema og fylle ut eigenerklæringsskjema i forkant av vaksineringa. Både samtykkeskjema og eigenerklæringsskjema må tas med ferdig utfylt til vaksinasjonslokalet.

Covid-19 er generelt lite farlig for barn og unge. Barn og ungdom som blir smitta, får oftast svært milde symptom på covid-19, og 20-30 % får ingen symptom i det heile. Dei som får milde symptom kan få vondt i halsen, hoste, hovudverk, og slapphet, og nokre får kroppsverk og feber.

Biverknadar av koronavaksine

Dersom du er vaksinert og kjenner biverknadar, så ber vi om at du melder i frå om dette.
Meld i frå om biverknad av koronavaksine

Kva tid skal du oppsøkje lege ved eventuelle biverknada

Om du ikkje har bankID

  • Vi gjer og merksam på at ein kan registerere inn pårørande som ikkje har eigen BankID på vegne av dei, ved at ein sjølv logger seg inn.
  • Dersom du ikkje har bankID kan du ringe 57 72 20 00 . NB! dette er ein telefon berre for registrering, ikkje for informasjon.
  •  Vi treng opplysningar om: namn, personnummer og telefonnummer.
  • Du må og oppgje om du vil ta vaksine.

På sida til Folhehelseinstituttet kan du finne opplysningar om tal vaksinerte i Sunnfjord kommune