Sunnfjord kommune

For tilsette i Sunnfjord kommune

For tilsette i Sunnfjord kommune

Sunnfjord kommune følger nasjonale pålegg og retningslinjer for å handtere utbrotet av koronavirus. Vi har samla noko informasjon for tilsette på denne sida. 

Usikker på om du er i risikogruppa?

Dersom du er usikker på om du er i risikogruppa for koronasmitte, så kan du ta kontakt med fastlegen din for ei avklaring. 

Informasjonsskriv 3. juni 2020

Føremålet med dette skrivet er å informere om ein del av ordningane som no opphøyrer frå 1. juni, samt ferieavvikling og restriksjonar knytt til feriereiser i sommar.

Informasjonsskriv 16. april 2020

Føremålet med dette skrivet er å informere om problemstillingar i samband med at vi no opnar barnehagane og delvis skulane.

Informasjonsskriv 30. mars 2020

Føremålet med dette skrivet er å informere om problemstillingar koronaepedemien får for arbeidskvardagen vår, samt korleis vi arbeider med å skaffe nok personale spesielt til omsorgstenestene.

Informasjonsskriv oppdatert 25. mars 2020

Her kan du lese om kva ordningar som gjeld for tilsette ved sjukdom og fråvær:

Ta kontakt med din leiar om du har andre spørsmål. 

Kva rettar har tilsette til sjukmelding? 

NAV har omtala kva vilkår som gjeld for å få sjukepengar grunna koronaviruset. 

Kurs og opplæring

  • Kurs og opplæring skal ikkje gjennomførast når det er aktivitetar på tvers av sektorar/einingar.
  • Interne einingsvise kurs/møte kan gjennomførast.

Møteaktivitet

  • Fysiske møte må vurderast.
  • Oppmodar alle om å nytte telefon, e-post SKYPE m.v i staden for fysiske møte. 
  • Det vil ikkje vere høve for eksterne å leige lokale i rådhuset.
  • Stor fysisk møteaktivitet vil medføre auka behov for reinhald på kontaktpunkt utover det vi har i dag.
  • Mindre fysiske møter skal avgrensast, men kan gjennomførast med krav om 1 meters avstand.
  • Maks 20 personar på dei største møteromma.
  • 1 meter avstand må oppretthaldast.
  • Ingen må møte ved symptom på infeksjon i luftvegar.
  • Vedtak etter lov om vern mot smittsomme sykdommer § 4-1 andre ledd om møteforbud og stenging av virksomhet (PDF, 182 kB).

Arrangement/tiltak på arbeidsplassen

Tilsette i heimekarantene etter reise utanfor landet eller som har vore i nær kontakt med  bekrefta smitteperson

  • Om du er sett i heimekarantene eller heimeisolering, så må du følgje desse råda frå Folkehelseinstituttet. 
  • Heimekarantene gjeld tilsette som ikkje har symptom på koronaviruset, men  har vore i land utanfor Norden dei siste 14 dagane eller har hatt nær kontakt med eit bekrefta tilfelle.
  • Det er viktig at du er vaken på utviklinga av symptom som hoste, halsbetennelse, kortpust eller feber. Om du er i nær kontakt til ein person med påvist koronavirus og får symptom, skal du ringe lege.

Tilsette bør ikkje reise reise utanfor Norden

Når det gjeld reiser til utlandet for andre tilsette enn helsepersonell, så vil vi oppfordre sterkt om ikkje å reise utanfor Norden. Vi har behov for din arbeidskraft, og ei reise utanfor Norden vil bety 14 dagars karantene. 

Reiser for helsepersonell

Helsepersonell som arbeider med pasientbehandling, får ikkje lov til å reise til utlandet. Forbodet gjeld både tenestereiser og privatreiser, og gjeld mellombels ut april 2020.

  • Helsepersonell vert og fraråda til å reise innlands med kollektivtransport, som tog, buss og fly. Slike reiser bør avgrensast til det som er helt nødvendig.
  • Vi definerer helsepersonell til å vere tilsette som arbeider med pasientbehandling i helse- og omsorgstenesta.
  • Helse- og omsorgsdepartementet kjem attende med meir informasjon om kompensasjon for utgifter som ikkje vert dekka av reiseforsikring for helsepersonell som blir omfatta av dette tiltaket. Dette gjeld både helsepersonell og reisefølgje (næraste familie).
  • Om du eller nokon i eininga di har bestilt tenestereise, så avbestiller du denne på travelnet om det var der du bestilte reisa. 
  • Om du bestilte den billegaste billetten, får du truleg berre flyavgifta igjen. 
  • Om du får problem med avbestillinga, ta kontakt med fjordane@travelnet.no.
  • Om du må bestille tenestereise no som gjeld godt fram i tid, så er det nok lurt å bestille refunderbar billett. 

Kontakt

Tenestetorga er her for å hjelpe deg
E-post
Telefon 57 72 20 00