Sunnfjord kommune

Smittestopp - app frå Folkehelseinstituttet (FHI)

Smittestopp - app frå Folkehelseinstituttet (FHI)

Klikk for stort bileteSmittestopp er ein app fra Folkehelseinstituttet (FHI). Den skal bidra til å forhindre at koronaviruset sprer seg i samfunnet, og er heilt frivilleg å bruke. Appen har 16-års aldersgrense.

Koronaviruset er svært smittsomt. Har du vore i nærleiken av en smitta person, er det ein risiko for at du sjølv har blitt smitta.

Om ein person med koronavirus gjev beskjed gjennom Smittestopp, får du melding dersom du har vore i nærleiken av vedkommande. Om du sjølv blir smitta, kan du gjere det same. Dermed kan appen vere med på å hindre at fleire blir sjuke.

For å sikre personvernet, kan ingen av app-brukarane sjå kvar eller kva tid ein har vore i kontakt med ein smitta. Appen formidlar ikkje slike opplysningar om andre.

Det er heilt frivilleg å laste ned Smittestopp. Det er også frivilleg å aktivere den, og å bruke den. Du kan når som helst slette både data og app.

Smittestopp er tilgjengelig for Android og Apple-enheter, og kan lastes ned herfra:

Smittestopp tilgjengeleg på Google Play

Smittestopp tilgjengeleg på App Store