Sunnfjord kommune

Siste nytt om koronasituasjonen i Sunnfjord kommune

Siste nytt om koronasituasjonen i Sunnfjord kommune

Tal smitta i Sunnfjord kommune

Koronainformasjon og pressemeldingar på andre språk

Oppdatert 4. august

Sunnfjord kommune fekk 3.august melding om ei positiv prøve med Covid 19.

Dette var ein person som var i innreisekarantene og skulle teste seg ut på dag 7. Resten av familien er satt i karantene. Ingen andre nærkontaktar nytt til dette tilfefllet.

Det var ingen positive testar frå personalet/borna i Lunden barnehage 3. august.  Vi ventar svar på dei siste prøvene onsdag 4.august. Dersom desse er negative tek vi sikte på opning av barnehagen frå og med torsdag 5 august.  Vi vil kome med meir informasjon om dette ut over dagen 4. august.

Oppdatert 3. august

Sunnfjord kommune fekk 2.august melding om tre nye smitta med Covid 19.

  • Første tilfelle:  Personen er tilsett ved Lunden barnehage i Naustdal. Vedkomande hadde symptomdebut på laurdag.  Smittevegen er usikker, men har ei kopling til tidlegare positiv.  Alle born og tilsette som har vore i Lunden barnehage torsdag og fredag i førre veke blir oppmoda om å teste seg så snart som mogeleg. Smittesporingsteamet vil kontakte desse i løp av føremiddagen tysdag. Barnehagen blir stengt tysdag og onsdag denne veka grunna kartlagging og av omsyn til personalsituasjonen.
  • Andre tilfelle:  Sambuar til første tilfelle.   
  • Tredje tilfelle:  Person som har returnert frå reise til utlandet. Reisefølge er sett i karantene.

Det er auka smitte i kommunen. I dei fleste tilfella finn vi smittevegen. Det er viktig at alle held avstand, har god handhygiene og ikkje minst: testar seg ved symptom!
 

Oppdatert 2. august

Sunnfjord kommune fekk i løp av helga melding om to nye tilfeller av Covid 19.

Første person testa positivt fredag.  Det er ukjent smitteveg, men vedkomande hadde vore på reise i eige fylke. Vedkommande arbeider i kommunal bu og miljø teneste. Det har ikkje vore kontakt med brukarar av tenestene, men kollegaer på arbeidsplassen er testa no i helga. Desse har testa negativt. Nokre av desse er i karantene som nærkontakt. Det er få nærkontaktar i samband med dette smittetilfellet. 

Andre person testa positivt søndag.  Det er ikkje sikker smitteveg, men mogeleg kopling til eit positivt tilfelle i førre veke. Også denne personen her har få nærkontaktar i aktuell periode. 

Søndag 1. august er 7 personar i Sunnfjord kommune i isolasjon. Det er rundt 30 nærkontaktar i karantene.

Oppdatert 28. juli

Sunnfjord kommune har 27. juli fått melding om fire positive koronaprøver. Den eine var nærkontakt til smittetilfellet søndag 25. juli og sat allereie i karantene.  Dette tilfellet utløyser 7- 8 nye nærkontaktar i karantene.

Dei tre andre tilfella var frå eit reisefølge med Sunnfjordingar som hadde vore på tur i utlandet. Den eine testa positivt på hurtigtest ved innreise. Ytterlegare to i reisefølget sit i karantene. Ingen andre nærkontaktar i Norge. Det er forventa at det kan kome nye positive prøver frå nærkontaktar seinare i veka, i samband med desse tilfella.

Alle dei smitta er under 30 år.

Oppdatert 21. juli

Samfunnet er no i større grad opna, og vi ser sterk auke i reiseaktivitet både innanlands og utanlands. Diverre ser vi som følgje av dette noko auke i smitte her lokalt. Vi må understreke at det framleis er viktig med grunnleggande smittevern, og at du testar deg raskt sjølv ved lette symptom på luftvegsinfeksjon. 

Vaksineringa er komen langt, og vaksinedekninga er god for dei som er 45 år og eldre. Det er no viktig at også dei yngste får sine vaksiner – vi oppmodar sterkt til at dei i aldersgruppa 18 – 44 år som endå ikkje er vaksinert tar kontakt med kommunen for å få time til vaksinering. Vi får mange doser kvar veke no i sommar, og vil gjerne få satt kvar einaste ein av desse, så raskt som mogleg.

Nyt sommaren og selskap med kvarandre – aller helst utandørs. 

Minner om dei grunnleggande smittevernråda:

  • Hald 1 meter avstand
  • Ha god handhygiene
  • Hald deg heime og test deg for covid-19-infeksjon ved nyoppståtte symptom (gjeld og for vaksinerte)

Sjå anbefalingar og forskrift

Frivillige lag og organisasjonar kan no søke om tilskot i samband med arrangement og aktivitetar som er påverka av covid-19 pandemien. 

Ny koronaordning for frivillige lag og organisasjonar

Oppdatert 28.mai 

Informasjon til brukarar pårørande om besøk i omsorgssentera og omsorgsbustadar gjeldande frå 27.05.21
Nye besøksrutinar frå 27.05.21. Hovudinngangane vert opna og besøkande kan koma utan å avtale besøk på førehand. Det er ikkje lenger nødvendig med strengare retningslinjer v/korttideininga og rehabiliteringsavdelinga.

Informasjon om koronavaksinering

 

 

Kontakt

Tenestetorga er her for å hjelpe deg
E-post
Telefon 57 72 20 00