Sunnfjord kommune

Råd ved samlingar og arrangement

Råd ved samlingar og arrangement

Oppdatert 16. september 2020. 

Praktiske råd ved konfirmasjonar og liknande arrangement

På Folkehelseinstituttet sine heimesider ligg dei konkrete tilrådingane som gjeld private samlingar og arrangement. Dei generelle råda er alltid det styrande; vil ein klare å oppretthalde kravet om minimum 1 meter avstand og gode føresetnader for handhygiene under arrangementet? Særleg obs på korleis ein sit ved borda med tanke på avstand, men og område der det kan bli ekstra trengsel (eks ordne kø ved kakebordet, toalett mm). Så vil vi råde til ekstra merksemd kring situasjonen med lokale smitteutbrot i landet.

Dersom du sjølv skal reise i eit arrangement der det og kjem deltakarar frå område med høgare risiko, eller det er gjestar som kjem til ditt arrangement får eit eller fleire slike område så ta omsyn; følg smittevernsreglane strengt både i sjølve arrangementet og i losji-situasjonen for dei besøkande; personer med sjølv heilt lette symptom på luftvegsinfeksjon/feber skal ikkje delta på arrangementet, hald avstand minimum ein meter, og sørg for god handhygiene. Er det gjester i arrangementet som tilhøyrer risikogruppe for alvorleg sjukdom, vil det vere fornuftig å skjerme desse ekstra for mogleg smitte.

Når det kjem til kor mange som kan delta, er det to forhold som regulerer det:

  1. Er det ei «privat samling» eller eit «arrangement på offentleg stad»?
  2. Klarer vi å organisere samlinga/arrangementet slik at smittevernsreglane vert fulgt på ein trygg måte?

Ei privat samling er ei samling på privat stad, innandørs eller utandørs. Her er tilrådinga maks 20 personer – men uansett ikkje meir enn det er plass til med tanke på å følgje smittevernsråda.

Eit arrangement inneber idrettsarrangement, kulturarrangement og «andre arrangement»: «andre arrangementer, inkludert seminarer, varemesser, midlertidige markeder, bursdager, bryllup, begravelser og religiøse samlinger». Ein konfirmasjon går inn under «andre arrangement».

Offentleg stad er definert som «et sted bestemt for alminnelig ferdsel eller et sted der allmennheten ferdes. I tillegg gjeld samme forhold ved arrangementer i lokale og utandørs arealer som leies eller lånes ut, inkludert hoteller, grendehus, forsamlingshus, konferansesaler og haller.»

Altså;

  • held ein konfirmasjonen i eige hus eller eit anna privat hus, er det ei privat samling, og øvre grense på deltakarar er 20.
  • held ein konfirmasjon på ein offentleg stad, er det eit «arrangement på offentleg stad». Då er øvre grense på deltakarar 200 – men sjølvsagt ikkje meir enn det det er plass til jamfør smittevernsråda. Her kjem det i tillegg krav om at det må vere ein som står som definert arrangør av arrangementet (vil vanlegvis vere foreldra til konfirmanten). Arrangøren har ansvar for at smittevernsråda vert fulgt. Vidare har arrangør ansvar for å føre liste med kontaktinformasjon over deltakarane på arrangementet. Denne lista må oppbevarast  i 10 dagar etter at arrangementet er ferdig i tilfelle det sidan vert ein smitteoppsporing.

 

Kontakt

Tenestetorga er her for å hjelpe deg
E-post
Telefon 57 72 20 00