Sunnfjord kommune

Råd ved reiser under koronasituasjonen

Råd ved reiser under koronasituasjonen

Vi har oppdatert våre reiseråd 5. november  2020. 

Råd om reiser i regionen

Det er no eit pågåande lokalt utbrot i Bergen og nokre av nabokommunane. Dette er den forventa utviklinga i pandemien, som nasjonale styresmakter har bede oss om å planlegge for, og som vi er førebudd på. Vi møter dette med utstrakt Testing, rask Isolasjon ved påvist smitte, påfølgande rask Smittesporing, og Karantene av moglege nærkontaktar (TISK-strategi). På denne måten kan vi klare å halde kontroll på smittesituasjonen lokalt, samstundes som samfunnet fungerer så normalt som mogleg. Dette er viktig, då denne pandemien kjem til å vare lenge endå.

  • Det er eit generelt råd under pandemien å avgrense eigen reiseverksemd så mykje det lar seg gjere. Ved eit lokalt utbrot blir dette eit endå viktigare råd. Kommuneoverlegen har difor gått ut og oppmoda om at ein tenker seg grundig om før eventuell reise til område med pågåande utbrot av smitte. Dette betyr ikkje at det er forbode å reise!

Skal du til behandling ved sjukehus i Bergen?

Det er ein auka risiko for smitte om ein drar til Bergen no, men dette kan ein førebygge ved å følgje dei allmenne smittevernsråda godt; halde minimum 1 meter avstand, unngå folketrengsel (kollektiv transport, utestadar mm), nytte munnbind i situasjonar der det er vanskeleg å halde god avstand, og praktisere god handhygiene.

  • Vi vil særleg understreke følgande; skal du til behandling ved sjukehus i Bergen, er det ikkje farleg å dra!

Kommuneoverlegen vil på det sterkaste oppmode om at ein nyttar det helsetilbodet ein har, og ikkje avbestiller avtalar.

Kontakt

Tenestetorga er her for å hjelpe deg
E-post
Telefon 57 72 20 00