Sunnfjord kommune

Om koronatesting

Om koronatesting

All testing skjer ved koronatestsenteret ved Førde Sentralsjukehus, Svanehaugsvegen 2, 6812 Førde. Du må bestille time på førehand. Ikkje møt opp utan timeavtale. 

Bestill tid til koronatest

Du kan bestille koronatesting på nett. Vi håpar flest mogleg bestiller time på nett og dermed unngår ventetid på telefonen. Du kan sjølv velje dato og tidpunkt for testing. 

Bestill tid til koronatest

  • Timebestilling og testing er gratis.
  • All testing skjer ved koronatestsenteret ved Førde Sentralsjukehus, Svanehaugvegen 2, 6812 Førde, sjå kart  

Om du ikkje kan bestille via nettet, ringer du legevakta på 116 117

Testresultatet finn du sjølv

Tester du positivt for koronavirus, tar kommunen kontakt med deg omgåande. Hugs å ta telefonen om eit ukjent nummer ringer.

Ikkje ring legevakta for prøvesvar. Tester du negativt finn du prøvesvaret på helsenorge.no   1–3 dager etter at du tok testen. Ønskjer du å få varsel på SMS når prøvesvaret er klart, kryssar du av for det når du bestiller time (SMS-tenesta er ikkje gratis).   

  • Har du barn under 16 år som har tatt testen, finn du prøvesvaret deira på helsenorge.no
  • Om du ikkje kan logge inn på helsenorge.no, kontakt fastlegen for å få prøvesvar.

Til deg som ventar på prøvesvar

  • Hovudregelen er at du som venter på prøvesvar skal halde deg heime til du har fått svar. Du skal ikke gå på jobb eller skule, du skal ikkje ta offentleg transport eller oppsøke offentlege stadar, og du skal halde god avstand til alle andre enn dine nærmaste. Dine husstandsmedlemmar behøver ikkje å vere i karantene, heller ikke husstandsmedlemmar som jobber i helsetenesta.
  • Ved negativ test kan du gå tilbake på jobb/skule når du er i god allmenntilstand (det vil seie at du føler deg frisk og er feberfri), sjølv om du framleis har nokre symptom på luftvegsinfeksjon.
  • Dersom testen vart tatt utan at du har mistanke om at du har korona (det vil seie at du ikkje har symptom eller har vore direkte utsett for smitte) er det ikkje nødvendig å halde seg heime i påvente av prøvesvar. 

Betaling

Koronatestinga er gratis, men i nokre tilfelle krev utanlandske studiestadar eller arbeidsgivarar testing. Slike testar vert ikkje dekka av det offentlege. Ta kontakt med bedriftshelsetenesta på din arbeidsplass eller andre.

SMS-varsling om prøvesvar er ikkje gratis. 

Testkriteriar

Sunnfjord kommune følger Folkehelseinstituttet sine kriteriar for kven som skal testast for koronavirus. Alle som sjølv mistenker at dei er smitta av koronavirus har høve til å teste seg. Vi tilrår testing dersom:

  • Du har nyoppstått luftvegsinfeksjon eller andre symptom på koronavirus (feber, hoste, tung pust, tap av smak- eller luktesans eller sår hals).
  • Du har vore i nærkontakt med koronasmitta. 
  • Du har vore på reise til land med høge smittetal (raude områder) dei siste 10 dagane. Her er FHI’s oppdaterte oversikt over land og område med høg smittespreiing.
  • Du er tilsett i helsetenesta og har vore på reise i utlandet (gjeld alle land)

Born under 10 år med lette symptom på luftvegsinfeksjon kan sjå an symptoma heime eit par dager før testing. Born med rennende nase som eineste symptom, som elles er i god allmenntilstand utan andre teikn på nyoppstått luftvegsinfeksjon, treng ikkje å halde seg heime eller bli testa. 

Les meir om testkriteriar for koronavirus på FHI.no

Er du framleis i tvil om du treng å teste deg kan du rådføre deg med fastlegen din. 

Unngå overbelastning på legevakta og fastlegekontora

  • Ønsker du svar på testen? Logg inn på helsenorge.no dagen etter at du er testa. 
     
  • Har du spørsmål om korona, og er uten symptom?
    Ring den nasjonale informasjonstelefonen 815 55 015
     
  • Er du alvorleg sjuk og treng akutt hjelp på kveld/helg? Ring legevakt på 116 117
     
  • Står liv og helse i fare? Ring 113
     

Sjekk kva råd som gjeld for deg på koronasjekk.no

Koronasjekk.no er ei privat teneste, men innhaldet er levert av dyktige legar som følgjer Folkehelseinstituttet sine retningslinjer.

 

Kontakt

Tenestetorga er her for å hjelpe deg
E-post
Telefon 57 72 20 00