Tiltak som er iverksett av kommunenVi minner igjen om dei viktigaste råda Hald deg heime om du er sjuk. Test deg ved symptomer. Barn i barnehagealder og skoleelever er unntatt. Vask hendene. Praktiser god hand- og hostehygiene Følg koronavaksinasjonsprogrammet Smittevernråd frå Folkehelseinstituttet Generelle smittevernråd frå Folkehelseinstituttet som gjeld for alle Koronatest og utlevering av hurtigtestar Koronatestinga i kommunen vil primært bli utført ved sjølvtest Det vert levert ut 2 testar saman med enkel rettleiing og instruksjon. Hurtigtestar skal berre leverast ut til personer som har behov for test grunna nyoppståtte symptom. Positiv hurtigtest er sikker bekrefting på at du er smitta av covid-19. Informasjon om koronatest og utlevering av hurtigtestar NB – er du så sjuk at du har behov for å komme til lege ber vi deg kontakte eige fastlegekontor i opningstida. Utanom vanleg opningstid skal du ringe 116 117. FHI-Råd som gjeld ved nyoppståtte luftvegssymptom Om du mistenkjer at du er smitta av koronavirus. Om du er sjuk, hald deg heime. Har du symptom på koronavirus bør du teste deg. Dei vanlegaste symptoma på koronavirus er også vanlege ved andre luftvegsinfeksjonar som forkjøling og influensa. Mange får hoste og/eller feber. I tillegg er det vanleg med nedsett smak- og luktesans, hovudpine, slappheit og muskelverk. Etter kvart vert nokre tungpusta. Sjekk Folkehelseinstituttet sine nettsider om kva du skal gjere om du mistenkjer at du er smitta Er du vaksinert og kjenner biverknadar? Her kan du melde frå om mulig biverknad av koronavaksine Smittestatus i Sunnfjord kommune Vi følgjer tala frå Folkehelseinstituttet som viser tal personar som har fått påvist koronavirus i Sunnfjord kommune. NB! dette er tal personar som har fått påvist koronasmitte i heile perioden frå mars 2020. Kommunane rapporterer kvar måndag til Statsforvaltaren i fylket om korleis situasjonen er i kommunen. Vi kjem framover, frå januar 2022, til å legge ut kopi av rapport kring smitteaktivitet på heimesida kvar måndag. Nasjonale og lokale reglar og tilrådingar Nasjonale reglar og tilrådingar Nasjonale reglar og tilrådingar Lokale tiltak Sunnfjord kommune har per no ikkje strengare tiltak enn dei nasjonale. Kommunen må fortsatt reagere raskt dersom det vert større endringar i lokalt smittebilde, og vil då kunne iverksette eigne lokale tiltak. Omsorgssentera, omsorgsbustadar og heimetenesta Informasjon til brukarar og pårørande om besøk i omsorgssentera og omsorgsbustadar Samfunnet opnar meir opp og dei fleste av restriksjonane er vekke eller gått over til tilrådingar. Det er likevel nødvendig å ha nokre reglar som gjeld for brukarar og tilsette i omsorgssektoren, spesielt i omsorgssentra og omsorgsbustadane: Det er no symptomatiske pasientar og tilsette som skal testast Husstandsmedlem av påvist smitta person er tilrådd å teste seg dagleg i 5 dagar sjølv om ein ikkje har symptom Husstandsmedlem av påvist smitta person er tilrådd å teste seg dagleg i 9 dagar dersom ein ikkje kan halde god isolasjon i heimen (det er nok dette som vil gjelde i dei fleste tilfella) Husstandsmedlem vert tilrådd å nytte munnbind i testperioden Uvaksinerte tilsette er tilrådd å fortsette med testing 2 gongar pr. veke. Sjå oversikt: FHI-Anbefalinger om testing for SARS-CoV-2 av ansatte i helse- og omsorgstjenesten Bruk av beskyttelsesutstyr: FHI-Bruk av beskyttelsesutstyr gjeld følgande tabell 1 og tabell 2 Besøk til omsorgssetner og omsorgsbustader Driftssituasjonen i omsorg knytt til koronarelatert fråvær Omsorgssektoren har for tida høgt sjukefråvær i personalet, grunna smitte med covid-19. Vi klarar ikkje å erstatte alt fråværet og det vil vere færre tilsette på jobb på enkelte dagar/vakter. Vi må difor gjere ei prioritering av arbeidsoppgåver. Hovudfokuset er å oppretthalde forsvarleg drift. Brukarar og pårørande kan oppleve at oppgåver vert forskyve eller avlyst. Heilt nødvendige oppgåver, som stell, pleie og medisinsk oppfølging vert utført. Sist endra 17.02.2022 13.20
NB – er du så sjuk at du har behov for å komme til lege ber vi deg kontakte eige fastlegekontor i opningstida. Utanom vanleg opningstid skal du ringe 116 117. FHI-Råd som gjeld ved nyoppståtte luftvegssymptom