Sunnfjord kommune

Koronavaksine

Koronavaksine

Klikk for stort bileteKoronavaksinasjon er ein del av det nasjonale vaksinasjonsprogrammet, og kommunane skal tilby innbyggarane vaksinasjon. Noreg vil få tilgang på fleire ulike vaksinetypar, men det er endå usikkert kor fort vi får vaksinane og kan tilby dei til anbefalte grupper. 

Viktig melding om AstraZeneca-vaksina - oppdatert 24. april

AstraZeneca-vaksinerte får tilbod om mRNA-vaksine som dose 2. Regjeringen har følger Folkehelseinstituttet si anbefaling om at alle som har fått første dose med AstraZeneca-vaksina får tilbod om ei mRNA-vaksine som dose 2.

Biverknadar av koronavaksine

Dersom du er vaksinert og kjenner biverknadar, så ber vi om at du melder i frå om dette.
Meld i frå om biverknad av koronavaksine

Kva tid skal du oppsøkje lege ved eventuelle biverknadar av koronavaksina?

Informasjon om koronavaksine

Kommunen planlegg gjennomføring av vaksinasjon. Informasjon om arbeidet vil bli oppdatert her.

Vi vil seinare informere om kva grupper som blir anbefalt vaksinasjon og i kva rekkefølge. Personar som vert prioriterte vil bli kontakta for tilbod om vaksine.

Det er ikkje mogeleg for innbyggjarar å endre time for dose 2 sjølv.

Når ein får dose 1 føl vi nasjonal intervall for når ein skal ha dose 2. Det betyr at vi uansett endring er sikra at alle som på ein dato får dose 1, x-antal (gjeldande intervall) veker etterpå, får dose 2.

Du skal ikkje kontakte kommune eller fastlege for å stå på ei venteliste, det vil bli tatt direkte kontakt med dei som skal vaksinerast etter gjeldande prioriteringsrekkefølgje når dette vert aktuelt. 

Koronavaksine og vaksinasjon er gratis. 

Endra vaksineleveranse

Sunnfjord kommune får endra vaksineleverande i veke 27 og 28, noko som betyr at ein heil del oppsette timar diverre må flyttast til veke 29.

Vi beklagar dette!

Om ny time i veke 29 og 30 ikkje passar, kan du kontakte Sunnfjord kommune per telefon: 57722000 eller per e-post: postmottak@sunnfjord.kommune.no så ordnar vi nytt tidspunkt.

 

Det nye koronaviruset fører til infeksjon i luftvegane. Dei fleste får ingen eller milde symptom, men nokon blir alvorleg sjuke. Dei eldste og dei som har enkelte andre sjukdomar frå før, har størst risiko for å få alvorleg sjukdom.

informasjon om godkjende vaksiner

I starten vil det ikkje vere nok vaksine til alle som blir anbefalt koronavaksine. Sjå informasjon frå Folkehelseinstituttet.om prioritertemålgrupper og ulike vaksineringsscenario:

Førebels er ikkje helsepersonell prioritert høgare enn desse gruppene, men dette kan endrast om smittepresset aukar, og om smittesituasjonen i helseinstitusjonene endrar seg. 

Kor tid kan ein forvente å få vaksine

Sjå førebels plan for vaksinering i vaksinekalendaren.

 Vaksinekalender

 

Sjå video frå Statens legemiddelverk:

 

Meir informasjon om koronavaksine:  

Folkehelseinstituttet si nettside: www.fhi.no/kvp  

Temaside om koronavaksinasjonsprogrammet