Har du sterkt nedsett immunforsvar vil vaksine ha kortvarig effekt. Risiko for alvorleg forløp ved infeksjon av koronaviruset er også større. Grunnvaksinasjon er derfor 3 doser, og det er sterkt tilrådd med dose 4. Denne kan du ta tidlegast 3 månader etter dose 3.
Fleire enn 4 doser
For nokre med særleg redusert immunforsvar kan endå fleire vaksinedoser vere aktuelt. Dette gjelder særleg for personar som er organtransplanterte. Dose 5 kan du tidelegast ta 3 månadar etter dose 4.
Det er tilrådd at sjukehusspesialist som kjenner pasienten godt gjer ei individuell vurdering om det ligg føre vidare behov for dose 5. Om du trur dette kan gjelde deg, ta kontakt med din sjukehusspesialist. Du får i så fall eit brev frå spesialisten som du tar med deg til vaksinasjonskontoret i kommunen når du kjem for vaksinasjon. Bestill vaksinasjon på vanleg måte, digitalt eller per telefon.
Slik bestiller du time