Informasjon om koronatesting - hurtigtest
Smitten aukar kraftig i heile samfunnet, men befolkninga er godt vaksinert. Barn og unge toler covid-infeksjon som ein annan influensa/forkjølelses-infeksjon. Omicron-varianten gjev mild sjukdom for dei fleste. Det er mindre behov no for særskilte smitteverntiltak, enn tidlegare.
- Regjeringa går bort frå anbefalinga om at husstandsmedlemmer og tilsvarende nære bør teste seg etter nærkontakt med ein smitta.
- Nærkontaktane anbefalast, som alle andre, å ta ein koronatest dersom dei har symptom.
- Barn i barnehage og skulelevar anbefalast å halde seg heime hvis dei er sjuke, men dei behøver ikkje å teste seg.
- Eit unntak vil vi førebels behalde: ved smitte på våre omsorgsinstitusjonar held vi oss til tidlegare tilrådingar, med jamnleg testing av tilsette og bebuarar. Meir informasjon finn du på sida: Tiltak som er iverksett av kommunen
Nærare informasjon om test-regime finn du på karantenekompasset .
Retningslinjer for utlevering av testar
Sunnfjord kommune har ikkje nok hurtig-testar til å levere ut så ein kan ha heime i beredskap.
FHI-Råd som gjeld ved nyoppståtte luftvegssymptom
Opningstider for utlevering av hurtigtest
Opningstider for utlevering av hurtigtest i Førdehuset
- Måndag: 08.00 – 10.00 og 15.00 – 17.00
- Tysdag: 08.00 – 10.00 og 15.00 – 21.00
- Onsdag: 08.00 – 10.00 og 15.00 – 21.00
- Torsdag: 08.00 – 10.00 og 15.00 – 21.00
- Fredag: 08.00 – 10.00 og 15.00 – 21.00
- Laurdag: 12.00 – 18.00
- Søndag: 14.00 – 21.00
Desse butikkane har også hurtigtestar til utlevering:
Du kan hente hurtigtest på legevakta når andre hentestader er stengde.
NB – er du så sjuk at du har behov for å komme til lege ber vi deg kontakte eige fastlegekontor i opningstida. Utanom vanleg opningstid skal du ringe 116 117.
Informasjon om bruk av hurtigtest
Slik brukar du hurtigtest (PDF, 550 kB)
FHI tilrår at vaksne tek hurtigtest både i hals og nase. Barn skal fortsatt berre ta i nase. Ta helst testen om morgonen før du har spist/drukke, alternativt vent minimum 30 minutt frå siste inntak av mat/drikke. Ta test med same pinne: først i halsen, så i nasen. Er testen negativ og du har nyoppståtte symptom, bør du ta ny test etter 2 døgn.
Positiv hurtigtest er sikker bekrefting på at du er smitta av covid-19, og du bør då:
- halde deg heime, halde avstand til dei du bur saman med og eventuelt bruke munnbind
- ikkje ta PCR test om du har 3 koronavaksiner eller har hatt positiv koronatest siste 3 mnd.
- har du primær eller sekundær immunsvikt (organtransplantert, immundempande medisin) er du tilrådd PCR-test
- du kan ta PCR-tester om du er uvaksinert, eller delvaksinert og treng PCR-svar for koronasertifikat
Registrer positiv hurtigtest og nærkontakter
Registrer positiv hurtigtest på hjemmetest.remin.no/sunnfjord
Du finn og lenka under karantenekompasset.
Informasjon om registrering av positiv hurtigtest
PCR-test
Testing i samband med reiser
Du bestiller slik test på flyplassen eller ved grenseovergangar.
Den kommunale teststasjonen er avvikla frå og med 29. april, då er det ikkje lenger eit offentleg test-tilbod i kommunen utover sjølvtesting.