KoronasertifikatUlike måtar å få koronasertifikat : Du kan logge deg inn på helsenorge.no og skrive ut koronasertifikatet sjølv. Sertifikatet kan visast fram digitalt, lastast ned eller printast ut.Logg inn på helsenorge.no Dersom du ikkje er digital brukar kan du bestille koronasertifikat via koronatelefonen og få det tilsendt i brevs form. Ring informasjonstelefon for korona: 81 55 50 15 Dei som ikkje har høve til å vente på vanleg postgang, kan du få koronasertifikat ved fysisk oppmøte ved legevakta i Førde ( ved sjukehuset). Ring gjerne 116 117 på førehand. Sist endra 17.01.2023 15.38