Sunnfjord kommune

Koronainformasjon skular og barnehagar

Koronainformasjon skular og barnehagar

Barnehagane opna igjen 20. april og småskulen (1.–4. trinn og SFO) 27. april. I veke 20 gjenopna skulane for 5.–10. trinn. Barnehagane og SFO har ope 07.30–16.00 frå måndag 8. juni. 

Opning av barnehagar og skular - oppdatert 9. juni

Avslutningar og andre tilstelningar i skule og barnehage

Vi følgjer Folkehelseinstituttet sine anbefalingar for arrangement med inntil 50 personar, då skuleavslutning er rekna som eit slikt arrangement. Les kva reglar som gjeld 

Skriftleg og munnleg eksamen i grunnskulen er avlyst

Skriftleg og munnleg eksamen i grunnskulen er avlyst. Elevane får eit fullverdig vitnemål og avlysing av eksamen vil ikkje påverke opptaket til vidaregåande skule.  Det vil stå i vitnemålet at eksamen er avlyst. Det skal setjast standpunktkarakterar og det er difor avgjerande at elevane deltek og leverer inn oppgåver og arbeid. Sidan det ikkje blir eksamen, kan skulen sette standpunktkarakter heilt fram mot slutten av skuleåret.

Du slepp å betale for barnehage og SFO i koronaperioden

  • Ingen skal betale for barnehage eller SFO i koronaperioden. Det betyr at sjølv om du har brukt tilbodet i perioden vil du sleppe å betale. 
  • Faktura for mars er sendt ut og skal betalast 20. mars 2020. Fråtrekk for stengte dagar vil skje på neste faktura. Det blir ikkje sendt ut ny faktura før barnehage og SFO opnar igjen. Les pressemeldinga frå regjeringa
  • Betaling for mat i barnehagen skal heller ikkje betalast om barnet ikkje nyttar plassen i koronaperioden. 

Betaling for skulemjølk i koronaperioden

Når det gjeld betaling for skulemjølk må foreldre ta direkte kontakt med Tine. 

Les vedtak om vern mot smittsomme sjukdommar

Digital skule, kva inneber det?

Sunnfjord kommune vil legge til rette for at elevane får undervisning digitalt. Lærestoff og oppgåver til elevane vil bli formidla på ulike digitale plattformar som elevane har kjennskap til.  Elevane skal levere inn oppgåver og få tilbakemelding på arbeid. Målet er at den digitale skulekvardagen,  skal ha eit innhald som gjer at elevane har tilstrekkeleg med skulearbeid gjennom veka. 

Foreldre kan bidra med å hjelpe eleven med å kome på nett og få kontakt med lærar. Det er og viktig at foreldre sett seg inn i kva arbeid som skal gjennomførast gjennom veka og hjelper til med å sjekke at arbeidet er gjort. Foreldre kan hjele til med det faglege arbeidet, særleg er det viktig for dei yngste elevane. Dei treng lese- og skrivetrening og det er fint om foreldre kan lese og skrive saman med eleven. I språkfag er det viktig å øve på å lese høgt og snakke språket. 

Det er viktig å lage gode rutinar, som at skuledagen og skulearbeid skal gjennomførast til faste tidspunkt på dagen. Om eleven ikkje har tilgang på datamaskin kan de ta kontakt med  skulen.  

Kontakt

Tenestetorga er her for å hjelpe deg
E-post
Telefon 57 72 20 00