Sunnfjord kommune

Koronainformasjon omsorgssentra og omsorgsbustader

Koronainformasjon omsorgssentra og omsorgsbustader

Informasjon til pårørande om besøk i omsorgssentera og omsorgsbustader

Det vert lagt til rette for å kunne ta imot besøk i omsorgssentera og omsorgsbustader, men besøk må alltid avtalast på førehand.

Oppdatert 18. juni 2020

Det er særs viktig at alle pårørande/besøkande følgjer gjeldande smittevernråd. Vi minner om at reglane er der for å beskytte brukarane, som er dei mest sårbare for alvorleg korona-infeksjon.

Følgjande reglar gjeld:

Omsorgssentera

  • Besøk skal vere avtalt med avdelingsleiinga på førehand. Du kan ringe og avtale besøk måndag-fredag i tidsrommet kl. 08.00-15.00
  • Det vert ført protokoll over dei som har vore på besøk. Besøkande vert oppmoda om å oppgje namn og telefonnummer med tanke på smitteoppsporing ved oppstått smitte
  • Besøk bør skje utandørs om mogleg
  • Pasient/brukar kan ta imot besøk på rommet dersom kravet til avstand kan oppretthaldast. Besøkande skal då gå direkte til og frå rom. Kan ikkje kravet til avstand haldast, må besøket skje i eige besøksrom
  • Besøkande vaskar hendene når dei kjem
  • Besøkande bør halde 1 meter avstand til pasient/bebuar
  • Besøkande skal halde 1 meter avstand til tilsette og andre pasientar/brukarar
  • Besøkande kan ikkje opphalde seg i felles areal, berre gå til og frå pasientrom
  • Tal besøkande bør avgrensast
  • Pasient/brukar kan besøke sine pårørande heime, men det skal vere avtalt med avdelingsleiinga på førehand og dei same smittevernreglane gjeld som for besøk i omsorgssenter

Omsorgsbustader

Bebuarar i omsorgsbustad har høve til å ta i mot besøk i sin bustad.
Det er særs viktig at alle pårørande/besøkande følgjer gjeldande smittevernråd.
Vi minner om at reglane er der for å beskytte bebuarane, som er dei mest sårbare for alvorleg korona-infeksjon.

Sunnfjord kommune har følgjande tilrådingar: 

  • Besøk bør vere avtalt med bebuar på førehand
  • Besøkande skal gå direkte til bebuar sin bustad
  • Besøkande kan ikkje opphalde seg i felles areal
  • Tal besøkande bør ikkje vere fleire enn at avstand på 1 meter kan oppretthaldast
  • Besøk bør skje utandørs om mogleg
  • Bebuar kan besøke sine pårørande heime og dei same smittevernreglane gjeld som for besøk i omsorgsbustad

For alle besøkande gjeld følgjande smittevernreglar:

  • Pårørande som har symptom på luftvegsinfeksjon skal ikkje kome på besøk
  • Gode rutinar for handvask før og etter besøk
  • Besøkande må halde reglar om avstand; direkte fysisk kontakt kan vurderast, men nær ansikt-til-ansikt-kontakt bør unngåast. Om det skjer, er det viktig med god handhygiene etterpå.
  • Personalet har høve til å vise vekk pårørande med symptom på luftvegsinfeksjon, eller som ikkje følgjer reglane for hygiene og avstand
  • Vi ber om at besøkande melder frå til avdelingsleiinga dersom de får  symptom på luftvegsinfeksjon dei første dagane etter besøket

Les også

Skriv frå kommunalsjef Kirstin Bruland om besøk frå eksterne aktørar

Kontakt

Tenestetorga er her for å hjelpe deg
E-post
Telefon 57 72 20 00