Sunnfjord kommune

For tilsette i Sunnfjord kommune

For tilsette i Sunnfjord kommune

Sunnfjord kommune følger nasjonale pålegg og retningslinjer for å handtere utbrotet av koronavirus. Vi har samla noko informasjon for tilsette på denne sida. 

Heimekontor og redusert fysisk møteverksemd

  •  Heimekontor er anbefalt der det er praktisk mogeleg. Einingsleiar vurderer for si eining kva som er tenleg.
  • Møter skal ta i vare smittevernråd om 1 meter avstand. Møter med sårbare grupper skal prioriterast som fysiske møter, der det er det beste for brukaren. Andre møter anbefaler vi å gjennomføre digitalt, dersom det er mogeleg.

Viktig melding om AstraZeneca-vaksina - oppdatert 26. april

Tilsette i helsesektoren som fekk dose 1  måndag 8. mars med AstraZeneca, vil få innkalling til dose 2-timar for vaksinering med Pfizer-vaksina.
Er det tilsette som ikkje lenger ynskjer dose 2, må dei kontakte vaksinasjonsteamet i kommunen for å avlyse timen når dei får den tildelt. 

Vi kjem truleg til å fordele denne 2. runden over fleire veker, slik at ein får dose 2 mellom 9 – 12 veker etter dose 1, altså mellom veke 19 – 22. Her får kvar og ein innkalling til time via Helseboka når vaksinasjonen nærmar seg. 

Informasjon til deg som har fått første dose av AstraZenica-vaksina

Dersom du er vaksinert og kjenner biverknadar, så ber vi om at du melder i frå om dette.

Kva tid skal du oppsøkje lege ved eventuelle biverknadar av koronavaksina?

Har du vore i område med høgt smittepress?

Viser til gjeldande råd og sterke oppmoding frå kommuneoverlegane til innbyggarane og besøkande i kommunen som har vore i områder med høgt smittepress. Den første tida etter heimkomst har du høgare risiko for å vere smitta med viruset. Ved å følgje enkle tiltak dei første 10 dagane, kan du beskytte dei rundt deg:

  • Hald 1 meters avstand til alle – og 2 meters avstand til eldre og kronisk sjuke som har auka risiko for alvorleg sjukdom om dei blir smitta
  • Ikkje besøk helse- og omsorgsinstitusjonane våre
  • Ikkje oppsøk stadar der folk samlast
  • Pass på at du har god handhygiene med hyppig handvask eller bruk av handsprit
  • Hald deg for deg sjølv og bestill test for covid-19 om du får teikn på luftvegsinfeksjon eller feber

For tilsette som har vore i smitteområde betyr dette

  • Forsterka smittevern dei første 10 dagane
    • Det vil seie å bruke munnbind og hanskar i kontakt med pasient og brukar der kravet til 2 meter avstand ikkje kan haldast, t.d. i stellsituasjonar
  • Ta covid-19 test 5 dagar etter heimkomst

For besøkande i omsorgssenter betyr dette

  • Pårørande eller andre som har vore på reise i områder med høgt smittepress kan ikkje komme på besøk i omsorgssenteret før 10 dagar etter heimkomst
  • Pårørande som bur i område med høgt smittepress og er på besøk i Sunnfjord kommune kortare enn 10 dagar, kan få dispensasjon til å besøke pasient/brukar i omsorgssenter dersom:
    • Dei er friske, utan symptom på luftvegsinfeksjon
    • Har negativ covid-19 test som ikkje er eldre enn 72 timar
    • Er kjend med gjeldande smittevernreglar og følgjer desse

NB! Det er kommuneoverlege eller kommunalsjef som kan gje slik dispensasjon.

Retningsline for organisering av personalgruppene i omsorgssenter/sjukeheim og heimetenester. (PDF, 248 kB)

    Ta kontakt med din leiar om du har andre spørsmål. 

    Kva rettar har tilsette til sjukmelding? 

    NAV har omtala kva vilkår som gjeld for å få sjukepengar grunna koronaviruset. 

    Møteaktivitet

    • Fysiske møte må vurderast.
    • Oppmodar alle om å nytte telefon, e-post SKYPE eller andre digitale løysingar i staden for fysiske møte. 
    • Mindre fysiske møte skal avgrensast, men kan gjennomførast med krav om 1 meters avstand.
    • Ingen må møte om dei har symptom på infeksjon i luftvegar.

    Arrangement/tiltak på arbeidsplassen

    Tidlegare informasjonsskriv

    Kontakt

    Tenestetorga er her for å hjelpe deg
    E-post
    Telefon 57 72 20 00