Foreldrerettleiing og psykisk helsehjelpHelsestasjonen sitt oppfølgingsteam Oppfølgingsteamet er eit lavterskeltilbod som kan fremje trivsel og samarbeid i familiar. Føremålet er å kome tidleg inn med hjelp før større behov oppstår. Teamet gjev også tilbod om familiesamtalar og oppfølging av barn og unge. I teamet er det PMTO-terapeutar, familieterapeut og foreldrerettleiarar med vidareutdanning i foreldrerettleiingsmetodar. Teamet har drøftingar med og rettleiing frå psykolog ved behov. Foreldre kan sjølve ta kontakt med teamet ved å ringe helsestasjonen på telefon nummer 57 72 21 30, eller kontakten kan gå via helsesjukepleiar. Kommunepsykologane på helsestasjonen Barn og unge med milde til moderate psykiske vanskar i aldersgruppa 0-20 kan få tilbod om psykisk helsehjelp frå kommunepsykolog. Kommunepsykologane tilbyr også rettleiing til foreldre og andre vaksne som er viktige for barna. Kontakt med kommunepsykologane går via helsesjukepleiar i skule eller ved helsestasjon, fastlege eller anna hjelpeinstans som gjer ei vurdering av behov i samråd med psykologen. Kommunepsykologane gir også rettleiing for fagpersonar i kommunen, samt førebyggande arbeid og undervisning om psykiske helse. Tilbodet er gratis. Sist endra 16.05.2023 14.30