Home start familiekontakten i Sunnfjord Home Start Charlotte Sverdrup Kvardagen med små barn er gode, men travle. Av og til kan utfordringane bli litt for store. Det kan handle om einsemd, manglande nettverk, sjukdom, funksjonshemming, fleirfødsel med meir. Ein liten skilnad kan derimot gjere at vi meistrar kvardagen betre – Home-Start Familiekontakten kan vere ein slik skilnad! Home Start Familiekontakten (HSF) tilbyr hjelp og støtte til familiar som ønskjer det, og som har minst eitt barn under skulealder. Hjelpa blir ytt av frivillige familiekontakter som kjem heim til familien ein gang i veka, 2-4 timar kvar gang, i ein periode på om lag 6 månader. Arbeidet blir leia av ein koordinator. Du kan stole på familiekontakten Alle som ønskjer å bli familiekontakt må ta del på førebuingskurs. Kurset strekkjer seg over 20 timar (6 samlingar) Familiekontakten har teieplikt Familiekontakten leverer politiattest Kva familiar kan få hjelp Familiar med minst eitt barn under skulealder Familiar som sjølv ønskjer det Familiar som opplever ulike utfordringar i kvardagen Home-Start vart etablert i England, men er i dag ei internasjonal rørsle. HSF har avdelingar fleire stader i landet, og tilbodet vart etablert i Førde i 2017. Dei først åra hadde Førde kyrkje/Sunnfjord kyrkja driftsansvar for HSF, men frå 2021 er det Sunnfjord kommune som har ansvar for drift av HSF. Kyrkja og Helse Førde/BUP er samarbeidspartar. Heimeside HSFN Facebookside HSF Sunnfjord Ønskjer du hjelp og støtte frå HSF? Ønskjer du å bli familiekontakt? Ta kontakt me koordinator! Koordinator HSF Sunnfjord: Inger Cesilie Fitje Inger.Cesilie.Fitje@sunnfjord.kommune.no Telefon 90 89 47 88 Home Start Charlotte Sverdrup Sist endra 02.03.2023 14.59