Kven kan få tilbodet?
Eldre, personar med funksjonsnedsetting og andre som kan kjenne seg utrygge ved å bu aleine.
Kva er tryggleiksalarm?
Ein tryggleiksalarm er ein alarm for å tilkalle hjelp i akutte situasjonar når som helst på døgnet. Når du trykker på alarmen, vil alarmsentralen umiddelbart ta kontakt med deg, vurdere nødvendig oppfølging og ved behov sende hjelp til deg.
Slik søker du
Du brukar felles søknadsskjema for helse- og omsorgstenester for å søke om tryggleiksalarm:
Send søknad til:
Sunnfjord kommune
Tildelingseininga
Postboks 338
6802 Førde
Kva kostar det?
Betalingssatsar tryggleiksalarm
Korleis blir søknaden behandla og kor lang tid tek det?
- Det er tildelingseininga som behandlar søknaden din. Dei tek kontakt med deg for å avtale eit heimebesøk, der dei kartlegg ditt hjelpebehov. Tildelingseininga vurderer om tryggleiksalarm er den mest tenlege måten å organisere hjelpa på.
- Tildelingseininga behandlar søknaden og du vil få tilsendt eit vedtak. Dersom søknaden ikkje kan avgjerast innan ein månad, får du ei skriftleg melding om årsaka.
Praktiske opplysningar ved leige av tryggleiksalarm
- Alarmen er knytt til alarmsentralen i Florø heile døgnet.
- Du må gi løyve til at nøkkelboks/elektronisk lås vert montert ved inngangsdøra di.
- Utanfor ein radius på om lag 5–7 km frå tett busetnad bør pårørande/nabo vere førstekontakt for alarmsentralen.
- Ved alarmar knytta til heimetenesta, kan det ta inntil ein time før heimetenesta kan vere hos deg. Dette avheng av køyretid og kor raskt ein får avslutte pågåande oppgåver på forsvarleg måte.
- Du må betale månadsabonnement for leige av tryggleiksalarmen.
- Det er ein månad oppseiingstid.
- Sunnfjord kommune tek atterhald om retten til å inndra tryggleiksalarmar som ikkje vert brukt i tråd med tildelingskriteria.
- Vedlikehald og reparasjonar som følge av vanleg bruk vert dekka gjennom abonnementet.
Har du spørsmål, ta kontakt med
Tenestetorga på telefon 57 72 20 00, kvardagar kl. 09.00–15.00 om spørsmåla gjeld søknaden.
Ring den lokale heimetenesta om du har andre spørsmål:
Kan du klage om du ikkje får innvilga søknaden?
Tryggleiksalarm er ikkje ei lovpålagt teneste, men kan i enkelte høve bli vurdert til å vere rett tiltak for å oppnå forsvarleg helsehjelp.
Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på fire veker frå du fekk brevet. Forklar kva du er misnøgd med, og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen som siste klageinstans.
Tenestestandard, lov og forskrift