Brukarstyrt personleg assistanse (BPA)Har du ei funksjonsnedsetting og treng hjelp i kvardagen, kan du søke om brukarstyrt personleg assistanse (BPA). Kven kan få tilbodet? BPA passar best til yngre med funksjonsnedsetting som ønsker å leve eit sjølvstendig liv. Målet er at ein får høve til eit aktivt, og mest mogleg uavhengig liv til tross for funksjonsnedsettinga. Du må vere under 67 år og ha eit langvarig (over 2 år) og stort behov (minst 32 timar per veke) for personleg assistanse. Har du eit hjelpebehov mellom 25 og 32 timar per veke kan du ha rett til å få dette organisert som brukarstyrt personleg assistanse dersom kommunen ikkje kan dokumentere at det fører til vesentleg auka kostnader. Kva får du? Du får ein assistent som gir deg personleg og praktisk hjelp i kvardagen etter dine behov og ønsker. Du er sjølv arbeidsleiar for din assistent og styrer dermed: kven du vil ha som assistent tilsettingsprosessen arbeidsoppgåver arbeidsstad og arbeidstid Om du ikkje sjølv kan vere arbeidsleiar for assistenten, kan nokon som kjenner deg godt ivareta rolla som arbeidsleiar. Slik søker du I søknaden skriv du kva du treng hjelp til. Dersom nokon hjelper deg med å fylle ut søknaden må du samstundes fylle ut ei skriftleg fullmakt og levere den med søknaden. (PDF, 576 kB) Tildelingseininga kan hjelpe med meir informasjon, råd og rettleiing før du søker. Ta kontakt med dei på telefon 57 72 20 00 mellom klokka 09.00 og 15.00. Du brukar felles søknadsskjema for helse- og omsorgstenester for å søke om brukarstyrt personleg assistanse: Søk om helse- og omsorgstenester elektronisk Søk om middagslevering papirskjema Send søknad til: Sunnfjord kommune Tildelingseininga Postboks 338 6802 Førde Kva kostar det? Tenesta er gratis. Korleis blir søknaden behandla og kor lang tid tek det? Det er tildelingseininga som behandlar søknaden. Dei tek kontakt med deg for å avtale eit heimebesøk, der dei kartlegg ditt hjelpebehov. Tildelingseininga vurderer om BPA er den mest tenlege måten å organisera hjelpa på. Tildelingseininga behandlar søknaden og du vil få tilsendt eit vedtak. Dersom søknaden ikkje kan avgjerast innan ein månad, får du ei skriftleg melding om årsaka. Har du spørsmål, ta kontakt med Tildelingseininga på telefon 57 72 20 00 kvardagar mellom klokka 09.00 og 15.00. Kan du klage på vedtaket? Du kan klage på vedtaket innan ein frist på fire veker frå du fekk brevet. Grunngi kvifor du klagar. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen som siste klageinstans. Tenestestandard og lover Tenestestandard for helse- og omsorgstenester i Sunnfjord kommune (PDF, 1019 kB) Helse- og omsorgstjenesteloven Pasient- og brukerrettighetsloven Sist endra 25.04.2023 13.20