Fysioterapeutar med kommunal avtaleSunnfjord kommune har driftsavtale med sju privatpraktiserande fysioterapeutar, lokaliserte på fleire ulike institutt. Du kan ta direkte kontakt med den fysioterapeuten du ønskjer å gå til, og etter ei lovendring 1. januar 2018 er det ikkje lenger nødvendig med tilvising frå lege. Det vert likevel tilrådd at du har ein god dialog med fastlegen din om helsa di. Du må pårekne noko ventetid for å komme til hos privatpraktiserande fysioterapeut med driftsavtale. Fysioterapeutar med kommunal driftsavtale i Sunnfjord kommune Fysikalsk institutt Namn, telefon, adresse Fysioterapeut Centrum Fysikalske Telefon: 57 82 30 30 Adresse: Storehagen 5, Førde Geir Øveraas Førde Fysioterapi Telefon: 940 38 104 Adresse: Storehagen 5, Førde Synnøve Husevåg-Lobben Aktiv fysio- og manuellterapi Telefon: 469 20 369 Adresse: Naustdalsvegen 6, Førde Nettside: www.aktivforde.no Kjersti Østerbø Bell Aud Vassbotten Storøy Elise Astad Sygna Marit Anne Smørdal (manuellterapeut) K. Simonsen Fysioterapi Telefon: 415 67 356 Adresse: Hafstadvegen 36, Førde Kjetil Simonsen Om betaling og eigendel For å få trygderefusjon for fysioterapioppfølging, må du anten gå til kommunalt tilsett fysioterapeut, eller til fysioterapeut som har driftsavtale med Sunnfjord kommune. Du betaler då ein offentleg fastsett eigendel for oppfølginga. Ved innbetaling over kr. 2176 vil du automatisk få tilsendt Frikort for eigendelstak 2. Om du går til ein privatpraktiserande fysioterapeut som ikkje har driftsavtale med kommunen, må du betale for heile oppfølginga sjølv. Barn under 16 år og personar med godkjent yrkesskade skal ikkje betale eigendel hos fysioterapeut med driftsavtale. Publisert av Marita Brandsøy Lystad Sist endra 06.05.2022 14.17