Sunnfjord kommune

Kontakt barnevernet

Kontakt barnevernet

Barnevernet i Sunnfjord kommune er bemanna måndag til fredag kl. 08.00–15.30.  

Hjelp frå barnevernet under koronasituasjonen

  • Barnevernet jobbar litt annleis for tida, som følge av koronaviruset. Vi er tilgjengeleg per telefon og kontoret er ope.
  • Alle saker vil bli følgt opp, men det vil bli vurdert kva som eventuelt kan utsettast eller løysast på enklare måte enn vanleg. Til dømes vil vi nytte telefon og sosiale media i større grad enn vanleg.
  • Barneverntilsette er definert som «personell i kritiske samfunnsfunksjoner», og det er difor sett i verk spesielle tiltak for å sikre at sårbare barn skal få hjelp
  • Barn som blir vurdert å vere i sårbare situasjonar, vil bli skaffa barnehage- eller skuletilbod jf. lenka ovanfor om at «sårbare barn skal få hjelp».
  • Samtalar på kontor og heimebesøk vil bli gjennomført der det er nødvendig. Dei generelle råda for å unngå smittespreiing blir følgt.
  • Fosterforeldre blir oppfordra til å vere ekstra merksame på å informere fosterbarna godt, sjå Informasjonssida om og til fosterhjem knyttet til pandemi. Barnevernet er bedt om å følge opp fosterforeldre spesielt, slik at dei har det dei treng for å ivareta fosterbarna.

Barnevernet i Sunnfjord kommune

Hovudkontoret er i Førde, men vi møter også brukarar og samarbeidspartar i deira nærområde etter behov. 

Slik kontaktar du barnevernet:

  • telefon: 57 72 21 30, kl. 08.00–15.30
  • besøksadresse: Sunnfjord rådhus, Hafstadvegen 42, tredje etasje
  • postadresse: Sunnfjord barnevern, postboks 338, 6802 Førde

Krisesituasjonar utanom arbeidstid

  • Interkommunel barnevernvakt utanom vanleg arbeidstid: 474 57 272 

Vaktordninga er felles for kommunane Sunnfjord, Kinn, Bremanger, Hyllestad, Askvoll, Fjaler og Solund.

Hovudoppgåva er å hjelpe barn og familiar i akutt krise og som ikkje kan vente til neste arbeidsdag. Barnevernvakta vil vere bemanna med tilsette i dei kommunale barneverntenestene som i hovudsak vil gi råd og rettleiing på telefon. Ved akutt krise kan barnevernvakta vurdere å rykke ut for å bistå meir aktivt i situasjonar. 

Leiar for barneverntenesta i Sunnfjord kommune 

Ove Mjåtveit
Telefon: 57 72 21 30
Mobil: 952 23 430
E-post: ove.mjatveit@sunnfjord.kommune.no

Opningstider

Måndag til fredag: 08.00–15.30

Adresse

Besøksadresse:
Hafstadvegen 42, rådhuset
6802 Førde

Postadresse:
Postboks 338
6802 Førde

Kart