Sunnfjord kommune

Å melde bekymring til barnevernet

Å melde bekymring til barnevernet

Det er viktig at du melder til barnevernet dersom du er bekymra for eit barn. Meldinga frå deg kan vere viktig for barnet eller ungdomen det gjeld. Barn og ungdom kan også sjølv ta kontakt med barnevernet. 

Hjelp frå barnevernet under koronasituasjonen

  • Barnevernet jobbar litt annleis for tida, som følge av koronaviruset. Vi er tilgjengeleg per telefon og kontoret er ope.
  • Alle saker vil bli følgt opp, men det vil bli vurdert kva som eventuelt kan utsettast eller løysast på enklare måte enn vanleg. Til dømes vil vi nytte telefon og sosiale media i større grad enn vanleg.
  • Barneverntilsette er definert som «personell i kritiske samfunnsfunksjoner», og det er difor sett i verk spesielle tiltak for å sikre at sårbare barn skal få hjelp
  • Barn som blir vurdert å vere i sårbare situasjonar, vil bli skaffa barnehage- eller skuletilbod jf. lenka ovanfor om at «sårbare barn skal få hjelp».
  • Samtalar på kontor og heimebesøk vil bli gjennomført der det er nødvendig. Dei generelle råda for å unngå smittespreiing blir følgt.
  • Fosterforeldre blir oppfordra til å vere ekstra merksame på å informere fosterbarna godt, sjå Informasjonssida om og til fosterhjem knyttet til pandemi. Barnevernet er bedt om å følge opp fosterforeldre spesielt, slik at dei har det dei treng for å ivareta fosterbarna.

Slik melder du ifrå til barnevernet

Du kan ringe, møte opp eller sende brev til barnevernet. 

  • Telefon: 57 72 21 30. Utanom arbeidstid: 474 57 272
  • Personleg oppmøte: Hafstadvegen 42, Førde rådhus, 3. etasje. 
  • Post: Sunnfjord kommune v/barnevernet, postboks 338, 6802 Førde
  • Elektronisk skjema: (om vi skal skal lage eit skjema, så legg vi det her)- inntiil vidare skal vi vise til den nasjonale sida?

Her kan du laste ned meldingsskjema til barnevernet

Du kan vere anonym

Du kan velje å vere anonym. Barneverntenesta ønsker likevel helst at du seier kven du er, fordi det gir saka større truverde. 

Meldeplikt

Offentleg tilsette har plikt til å gi opplysningar til barnevernet når det er grunn til å tru at eit barn blir utsett for mishandling, andre former for alvorleg omsorgssvikt eller når eit barn har vedvarande alvorlege adferdsvanskar. 

Les meir om meldeplikt her

Kva skjer vidare?

Meldinga blir gjennomgått innan ei veke. Akuttsaker blir avgjort straks. Innan vekesfristen skal barnevernet starte ei undersøking eller henlegge meldinga dersom den er openbar grunnlaus. 

Barnevernteneste skal gje tilbakemelding til den som har sendt melding innan tre veker etter at meldinga vart mottatt. Tilbakemelding kan unnlatast i tilfelle der meldinga er openbar grunnlaus, eller der særlege omsyn talar mot å gi tilbakemelding. 

Ei undersøking skal gjennomførast snarast og seinast innan tre månader. Undersøkinga skal vere tilpassa saka sin alvorsgrad. Denne fristen kan utvidast til seks månader. Dersom undersøkinga gir grunnlag for hjelpetiltak, skal barneverntenesta iverksette tiltak etter lova

Les meir om gangen i ei barnevernssak på Bufdir sine nettsider

Lover og forskrifter

Opningstider

Måndag til fredag: 08.00–15.30

Adresse

Besøksadresse:
Hafstadvegen 42, rådhuset
6802 Førde

Postadresse:
Postboks 338
6802 Førde

Kart