Sunnfjord kommune

Introduksjonsprogrammet

Introduksjonsprogrammet

Du har rett til gratis grunnskule for vaksne dersom du er over 16 år, har lovleg opphald i landet, og har behov for grunnskuleopplæring. 

Norskkurs

Vi tilbyr norskkurs på ulike nivå. Nivåa bygger på Det felles europeisk rammeverket for språk. Vi har grupper på A1-, A2- og B1-nivå. Opplæring i norsk og samfunnskunnskap er gratis for dei som har rett og plikt.

 Her kan du melde deg på norskkurs

Slik søker du

Du må sjølv søke om grunnskuleopplæring. Fleirspråklege søkarar må ha gyldig opphaldsløyve og ha gjennomført den første norskopplæringa for å få plass. Det er ingen søknadsfrist, så du kan søke heile året. 

Her kan du søke om grunnskule for vaksne

Slik blir søknaden behandla

Etter at rektor har motteke søknaden din, blir du innkalla til ein samtale med rådgjevar. Til den samtalen må du ha med deg kopiar av stadfestingar frå tidlegare skulegang. Deretter vil vi kartlegge din kompetanse gjennom ulike kartleggingstestar, slik at vi kan tilpasse opplæringa etter ditt behov. 

Om grunnskuleopplæringa

  • Grunnleggande ferdigheiter i grunnskuleopplæringa er lesing, skriving, rekning og å kunne uttrykke seg munnleg. I tillegg er digitale ferdigheiter ein del av opplæringa. 
  • Du kan sjølv bestemme kor mange fag du vil ta. Kunnskapane og ferdigheitene dine i faga bestemmer kor lang opplæringstid du treng. 
  • Undervisninga i grunnskulegruppa er på dagtid klokka 09.00 til 14.30,  måndag til fredag i lokala til vaksenopplæring og integrering. Dei held til i 3. etasje hos Berge og Co, adresse Sandersplassen 1.  
  • Undervisninga første året tek i hovudsak utgangspunkt i Kunnskapsløftet sine læreplanar for faga på 5.–7. trinn i haustsemesteret. På vårsemesteret er det 8. klassepensum. Undervisninga vil vere tilpassa målgruppa.
  • Undervisninga andre året tek i hovudsak utgangspunkt i Kunnskapsløftet sine læreplanar for faga på 8. trinn. Undervisninga vil vere tilpassa målgruppa. 
  • Undervisninga tredje året tek i hovudsak utgangspunkt i Kunnskapsløftet sine læreplanar for faga på 9.–10. trinn. Undervisninga vil vere tilpassa målgruppa.
  • Som elev får du terminkarakter og standpunktkarakter i faga. Du kan ta eksamen etter eitt, to eller tre år. 
  • Dersom klassen har fleirspråklege elevar med kort bu-tid i Noreg, og som av den grunn har lært lite norsk, vil klasseundervisninga bere preg av dette. 
  • Opplæringa i grunnskulegruppa følger vedteken skulerute for Sunnfjord kommune, det vil seie at det er same fri- og feriedagar som elles i grunnskulen. 
  • Sjå også: Om grunnskule for vaksne på Utdanningsdirektoratet sine nettsider

Realkompetansevurdering

Du som har rett til opplæring, har også rett til å verte realkompetansevurdert, dersom du ønsker det. Realkompetansevurdering er eit tilbod om å få prøvd kunnskapane dine og få godkjent det du kan, i høve dei krav læreplanen stiller. Som vaksen kan du gjennom kurs eller arbeid ha tileigna deg kunnskap som fullt eller delvis dekker krava i læreplanen for den opplæringa du ønsker.  

Realkompetansen din kan dokumenterast og godkjennast som likeverdig med heile eller deler av opplæringa. Du treng ikkje opplæring i dei faga eller delane av faga som er godkjende. Realkompetansevurderinga er gratis for vaksne med rett til opplæring.

Sjå også: Retningslnjer for realkompetansevurdering på Utdanningsdirektoratet sine nettsider

Meir informasjon om vaksenopplæring

Kontakt

Aud Sletteland Soleim
Einingsleiar vaksenopplæring og integrering
E-post
Telefon 57 72 10 32
Mobil 415 52 135