Sunnfjord kommune

Grunnskule for vaksne

Grunnskule for vaksne

Bakgrunn
Det kan vere mange grunnar til at vaksne treng grunnskuleopplæring. Nokon har ikkje fått fullverdig grunnskule der dei vaks opp, nokon treng ny opplæring på grunn av sjukdom eller skade og nokon treng å halde vedlike grunnleggande ferdigheiter for å kunne utdanne seg, få arbeid eller meistre daglege gjeremål.

Informasjon og rådgjeving om grunnskule for vaksne

Du kan og bestille time for rådgjeving direkte ved å sende epost til rådgjevar

Du kan og kontakte kommunen direkte på tenestetorget eller på tlf. 57 72 20 00. Då vil du få hjelp til å bestille time hjå rådgjevar som kan hjelpe deg vidare.

Realkompetansevurdering

Realkompetansevurdering er eit tilbod om å få prøvd kunnskapane dine og få godkjent det du kan, i høve dei krav læreplanen stiller. Som vaksen kan du gjennom kurs eller arbeid ha tileigna deg kunnskap som fullt eller delvis dekke krava i læreplanen for den opplæringa du ønsker. Realkompetansen din kan dokumenterast og godkjennast som likeverdig med heile eller deler av opplæringa. Du treng ikkje opplæring i dei faga eller delane av faga som er godkjende. Realkompetansevurderinga er gratis for vaksne med rett til opplæring. Rådgjevar vil hjelpe deg med å å få gjort avtale om realkompetansevurdering. 

Søke om grunnskule for vaksne

Grunnskuleopplæring for vaksne i Sunnfjord kommune er lagt til eininga « Vaksenopplæring og integrering».

Grunnskule for vaksne med funksjonsnedsettingar er lagt til Aktivitetseininga

Når leiar har teke i mot søknaden din vert du kalla inn til samtale med rådgjevar ved skulen. Til denne samtalen må du ta med deg dei dokumenta du har som viser tidlegare skulegong, opphaldsløyve og gyldig legitimasjon. Det vil då bli gjort vurdering av om du har rett på grunnskuleopplæring for vaksne.

Dersom du har rett til grunnskuleopplæring vil rådgjevar gjere meir kartlegging for å tilpasse omfanget av opplæringa til behova dine.

Det er løpande opptak gjennom skuleåret. Søkjar vil få opplæringstilbod innan rimeleg tid etter vedtak om rett til grunnskuleopplæring.

Opplæringa og undervisningsmateriellet er gratis. Dersom du bur over 4 km frå opplæringsstaden, har du rett på gratis skuleskyss.

Regelverk om grunnskuleopplæring for vaksne

For å ha rett til grunnskuleopplæring, må du

  • vere over opplæringspliktig alder
  • ikkje ha rett til vidaregåande opplæring
  • ha lovleg opphald i Norge
  • ha behov for grunnskoleopplæring

Retten til grunnskule for vaksne gjeld og dei som har fullført grunnskulen, men som likevel treng meir grunnskoleopplæring. Retten er regulert i opplæringslova kap 4A og i rundskriv Udir-3-2012.

Vaksne skal få tilbod om realkompetansevurdering før opptak til grunnskule slik at opplæringa kan tilpassast den enkelte sitt behov.

Grunnskule for vaksne innvandrarar

For å ha rett til grunnskuleopplæring, må  vaksne innvandrarar ha lovleg opphald i Norge. Vaksne over 18 år som ventar på svar på søknad om opphaldsløyve, har likevel ikkje rett til grunnskoleopplæring. Det kan ikkje stillast krav om norskferdigheiter for å få rett til grunnskuleopplæring for vaksne.

Særskild språkopplæring

Vaksne med anna morsmål enn norsk og samisk har rett til særskild språkopplæring dersom dette er nødvendig for at dei skal kunne få forsvarlig opplæring. Retten til særskild språkopplæring gjeld til den vaksne har tilstrekkeleg ferdigheiter til å følge den ordinære grunnskuleopplæringa for vaksne.

Om grunnskuleopplæringa

  • Grunnleggande ferdigheiter i grunnskuleopplæringa er lesing, skriving, rekning og å kunne uttrykke seg munnleg. I tillegg er digitale ferdigheiter ein del av opplæringa. 
  • Du kan sjølv bestemme kor mange fag du vil ta. Kunnskapane og ferdigheitene dine i faga bestemmer kor lang opplæringstid du treng. 
  • Undervisninga i grunnskulegruppa er på dagtid klokka 09.00 til 14.30,  måndag til fredag i lokala til vaksenopplæring og integrering. Dei held til i 3. etasje hos Berge og Co, adresse Sandersplassen 1.  
  • Undervisninga første året tek i hovudsak utgangspunkt i Kunnskapsløftet sine læreplanar for faga på 5.–7. trinn i haustsemesteret. På vårsemesteret er det 8. klassepensum. Undervisninga vil vere tilpassa målgruppa.
  • Undervisninga andre året tek i hovudsak utgangspunkt i Kunnskapsløftet sine læreplanar for faga på 8. trinn. Undervisninga vil vere tilpassa målgruppa. 
  • Undervisninga tredje året tek i hovudsak utgangspunkt i Kunnskapsløftet sine læreplanar for faga på 9.–10. trinn. Undervisninga vil vere tilpassa målgruppa.
  • Som elev får du terminkarakter og standpunktkarakter i faga. Du kan ta eksamen etter eitt, to eller tre år. 
  • Dersom klassen har fleirspråklege elevar med kort bu-tid i Noreg, og som av den grunn har lært lite norsk, vil klasseundervisninga bere preg av dette. 
  • Opplæringa i grunnskulegruppa følger vedteken skulerute for Sunnfjord kommune, det vil seie at det er same fri- og feriedagar som elles i grunnskulen. 

Lover og retningslinjer

Kontakt

Aud Sletteland Soleim
Einingsleiar vaksenopplæring og integrering
E-post
Telefon 57 72 10 32
Mobil 415 52 135