Sunnfjord kommune

Vaksenopplæring og integrering

Vaksenopplæring og integrering

Eininga vaksenopplæring og integrering har ansvaret for busetting av flyktningar, introduksjonsprogram og opplæring i norsk og samfunnskunnskap. 

Kontaktinformasjon 

Einingsleiar - vaksenopplæring og integrering, Aud Sletteland Soleim - Klikk for stort bilete Reiakvam Einingsleiar Aud Sletteland Soleim

Telefon: 57 72 10 32 / 415 52 135
E-post: aud.sletteland.soleim@sunnfjord.kommune.no 

Vaksenopplæring og integrering

I introduksjonsprogrammet har vi omlag 60 deltakarar frå Sunnfjord kommune. Rundt 180 deltakarar frå mange ulike land/ landområde får opplæring i norsk og samfunnskunnskap hos oss.

Norskkurs 

Vi tilbyr norskkurs på ulike nivå. Nivåa bygger på Det felles europeisk rammeverket for språk. Vi har grupper på A1-, A2- og B1-nivå.

Her kan du melde deg på norskkurs

Grunnskule for vaksne

Du har rett til gratis grunnskule for vaksne dersom du er over 16 år, har lovleg opphald i landet, og har behov for grunnskuleopplæring.

I grunnskulegruppa kan du få undervisning i faga:

  • norsk
  • matematikk
  • engelsk
  • samfunnsfag
  • naturfag

Søknadsfrist for å søke om grunnskule for vaksne

  • 1. mars

Her kan du søke om grunnskule for vaksne

Om grunnskuleopplæringa

  • Du kan sjølv bestemme kor mange fag du vil ta, og kunnskapane og ferdigheitene dine i faga bestemmer kor lang opplæringstid du treng. Som elev får du terminkarakter i faga, og du kan ta eksamen etter eitt, to eller tre år.
  • Fleirspråklege søkarar må ha gyldig opphaldsløyve og ha gjennomført den første norskopplæringa for å få plass.
  • Undervisninga i grunnskulegruppa er på dagtid, klokka 09.00 til 14.30,  måndag til fredag.
  • Opplæringa gjeld vanlegvis dei faga du treng for å få vitnemål for fullført grunnskule for vaksne. Opplæringa skal tilpassast ditt behov. Det gjeld både omfang og lengde for undervisninga. Vaksne skal ikkje plasserast i ordinære klassar saman med barn og unge.
  • Retten til grunnskuleopplæring for vaksne

Kontakt

Vaksenopplæring og integrering
E-post
Telefon 57 72 10 30

Besøksadresse: Sanderplassen 1 (Berge & Co-bygget)

Kart