Registrering av flyktningar frå UkrainaSkal du hente ukrainske flyktningar? De som køyrer ukrainske flyktningar til Norge, må melde frå til Politiets utlendingsenhet per e-post pu.desken@politiet.no eller telefon 22 80 66 00 før de kjem til Norge. Les meir på UDI sine nettsider – Ønsker du å hjelpe flyktninger Registrering av flyktningar hos politiet Det er politiet som har ansvar for registrering av flyktningar (søknad om beskyttelse (asyl)). Det er nøkkelen til å få rett til helsehjelp, økonomisk støtte, mottak/akuttinnkvartering, barnehage, skule, språkopplæring og busetting i kommunane. Normalt skjer all registrering av flyktningar på Nasjonalt ankomstsenter ved Råde (NAS). Difor må t.d. bussar som hentar flyktningar på eige initiativ sluse dei inn i landet den vegen. Om du alt er i Sunnfjord, kan du registrere deg ved Førde politistasjon. Informasjon om framgangsmåte og opningstider, sjå under Vest politidistrikt. Registreringa i Førde må skje på dagtid mandag til fredag 09:00-15:00. Her er det ikkje tilbod om innkvartering i samband med registreringa. Flyktningar som ikkje har ordna eigen/privat innkvartering må reise til Scandic Kokstad i Bergen for å registrere seg der. Informasjon om registrering i Vest politidistrikt Registrering av flyktningar hos kommunen Etter du har registrert deg hos politiet, må du registrere deg hos Sunnfjord kommune. Dette skal du gjere hos Vaksenopplæring og integrering som har ope for registrering tirsdag og torsdag mellom 12:00-14:00. Adresse: Sanderplassen 1 (Berge og Co-bygget 3.etg) Telefonnummer: 57 72 10 30 Sist endra 10.08.2023 09.46