Sunnfjord kommune

Nytt om flyktningar frå Ukraina i kommunen

Nytt om flyktningar frå Ukraina i kommunen

Oppdatert 30. august

Vi har no 64 flyktningar frå Ukraina som er busett/ eller er på veg til kommunen. Kommunen har ordna bustad til 49 personar, resten har ordna bustad sjølv. 

Kommunen har behov for utleigebustader til flyktningar, særskilt 2-roms og 3-roms. Har du ein utleigebustad, kan du registrere dette i skjema under.

Registrer utleigebustad

Oppdatert 24. juni

Vi har no 31 flyktningar frå Ukraina som har fått vedtak frå IMDi om busetting i Sunnfjord kommune. Kommunen har så langt ordna bustad til 20 personar, resten har ordna bustad sjølve. Siste meldinga frå IMDi er at vi skal ta imot 4 flyktningar til, dei kjem i starten av august.

Mange har kontakta oss om utstyr dei ynskjer å gi til flyktningane frå Ukraina. Vi har laga eit skjema der du kan melde inn kva utstyr du har. Kapasiteten til kva vi kan ta imot er avgrensa, så vi plukkar ut dei tinga som trengst konkret til dei personane som kjem. Vi kontaktar deg innan 14 dagar, om det er aktuelt å nytte seg av dei tinga du har registrert i skjemaet.

Har du utstyr du ynskjer å gi til flyktningar frå Ukraina?

Oppdatert 14. juni

Vi har 23 flyktningar frå Ukraina som har fått vedtak om busetting i Sunnfjord kommune. Kommunen har ordna bustad til 15 personar, resten har ordna bustad sjølve. Vi har per dags dato ikkje fått melding frå IMDi om å ta imot fleire flyktningar frå Ukraina, men planlegg for at det kan skje. Vi vil ha beredskap gjennom sommaren til å handtere dei flyktningane som eventuelt kjem.

Vi arbeider saman med Røde kors for å få på plass aktivitetstilbod til flyktningar i sommar.

Oppdatert 03. juni

Sivilforsvaret testar flyalarm i Norge onsdag 8. juni klokka 12.00 

To gongar i året, i januar og juni månad testar Sivilforsvaret varslingsanlegga ( flyalarmane), for å sjekke at dei virkar og reparere dei som er defekte. Onsdag 8. juni klokka 12.00 testar dei varselet " viktig melding - søk informasjon" i alle kommunar som har varslingsanlegg.

Signalet vert sendt i tre seriar med eit minutt opphold mellom seriane. Signalet betyr at du skal søkje informasjon til dømes i radio, tv, aviser og på myndighetene sine nettsider og sosiale media.

Norge har 1250 flyalarmar rundt om i landet, som skal varsle innbyggarane ved akutt fare. Varslingsanlegga er stort sett plassert i byar og tettstader, og signala kan høyrast av omlag halvparten av innbyggarane. Varslingsanlegga blir brukt både i fredstid og krig.

Information about test of aircraft alarm in English (PDF, 54 kB)

Інформація про тестування авіаційної сигналізації українською мовою (PDF, 90 kB)

Oppdatert 27. mai

Vi har i dag 26 flyktningar frå Ukraina som er busette eller som ønsker busetting i Sunnfjord kommune. Vi planlegg for ein liten, men jamn straum av flyktningar som skal busettast hos oss i tida framover. 

Oppdatert 12. mai

Vi har denne veka fått tildelt 4 nye flyktningar frå Ukraina frå asylmottak via IMDi. Desse vil bli busett i kommunen i løpet av mai. Då er det totalt vedtatt busetting av 14 flyktningar frå Ukraina i Sunnfjord kommune.

Vi planlegg å teikne leigekontrakt på om lag 20 bustader i første omgang og er  snart i mål med dette. Så vil vi vurdere behovet framover ut frå nasjonale prognosar over tal flyktningar som kjem til landet.

Oppdatert 5. mai

IMDi har til no godkjent busetting for totalt 10 flyktningar frå Ukraina, i Sunnfjord kommune. Dette er flyktningar som har kome hit på eigen hand eller via private initiativ.

Vi har no starta med å tildele bustader til desse og dei første har flytta inn.

Vi har enno ikkje fått tilbakemelding frå IMDi om å ta imot ukrainske flyktningar frå asylmottak.

Oppdatert 27. april

Sunnfjord kommune har laga ein plan for mottak av flyktningar som er meldt inn til IMdi 25. april 2022.

Den seier noko om kor mange flyktningar vi ser for oss å busette kvar veke framover. Frå veke 19 til veke 24 har vi sagt at vi kan busette om lag 60 personar. Vi må likevel vere innstilte på at det vert endringar i busettingsplanen.  

Så langt har 13 personar søkt om busetting i Sunnfjord kommune og IMDi har innvilga søknaden for 5 av dei så langt.

Oppdatert 19. april

Informasjonsmøte – Flyktningar frå Ukraina

Vi inviterer til informasjonsmøte om frivillig arbeid i samband med mottak av ukrainske flyktningar i Sunnfjord kommune

  • Tirsdag 26. april kl 18.00 – 19.30 i Festsalen, Førdehuset

Invitasjonen går til alle frivillige som allereie har registrert seg,  lag og organisasjonar som ønsker å bidra samt alle andre interesserte.

Tidsplan for busetting av flyktningar

Kommunen har fått oppdrag frå IMDi om å lage ein tidsplan som skal innehalde ein oversikt over når kommunen kan busette flyktningar og kor mange, fordelt på veker til og med august 2022.

Frist for innsending er måndag 25. april 2022.

Ein slik plan vil bety at vi veit litt meir om tal flyktningar som kjem og når dei kjem. Så er det slik at planane kan endrast og då må vi handtere det.

Oppdatert 12. april

Sunnfjord kommune har så langt registrert 12 flyktningar frå Ukraina, 7 vaksne og 5 barn.
Ikkje alle av desse blir verande i Sunnfjord. Det blir arbeidd med å finne bustad til dei som treng det, og å få barna i gang i skule og barnehage.

Språkhjelp

Responsen på spørsmålet vårt om språkhjelp har vore god, og rundt 20 personar har meldt seg til denne oppgåva. Det er godt å ha ei slik liste over folk vi kan kontakte når vi får behov for det. 

Frivillige

I tillegg har fleire frivillige og lag og organisasjonar meldt frå at dei kan bidra på ulike vis. Det er flott å sjå at lokalsamfunnet stiller opp. Vi er også ute etter kva enkeltpersonar kan hjelpe oss med, så om du kan bidra her, ber vi om at du registrerer deg.

Aktuelle oppgåver å hjelpe til med er å:

  • transportere møblar og utstyr til bustader
  • bidra med leksehjelp
  • montere inventar i bustader
  • følge familiar eller enkeltpersonar til aktivitetar
  • tilby aktivitetar/møteplassar
  • gjere noko anna som det kan bli behov for

Registrer deg som frivillig

Oppdatert 6. april

Kommunen takkar for alle som har registeret seg med tilbod om bustader til flyktningar frå Ukraina. Vi ønsker at de held fram med å registrere ledige bustader, for behovet kan bli stort!

Kommunen har per i dag vedtatt å inngå avtale om leige av 15 bustader i første omgang og vi er i kontakt med fleire av dei som har meldt inn ledig bustad for å inngå avtale. I første omgang inngår vi avtale om bustader med nærleik til offentlege tenester og transport.

Vi vil halde fram arbeidet med å finne bustader utover våren ut frå tal flyktningar vi kan forvente kjem. Derfor vil fleire av dei som har meldt inn ledig bustad, bli kontakta etter kvart.