Sunnfjord kommune

Hjelp flyktningar i Sunnfjord

Hjelp flyktningar i Sunnfjord

Kan du hjelpe til med noko av dette? - Klikk for stort bileteSunnfjord kommune førebur seg på å ta imot flyktningar frå Ukraina. Mange av tenestene i kommunen vert berørte og dei samarbeider no for å ruste seg til å ta imot dei som kjem. Vi samarbeider også med politiet og  Røde Kors for å gje dei som kjem ei god mottaking. 

Ekstraordinære midlar til integrering av flyktningar frå Ukraina

Frivillige organisasjonar som ønskjer å bidra til inkludering og integrering av flyktningar frå Ukraina, kan no søke Integrerings- og mangfaldsdirektoratets (IMDis) tilskotsordning om midlar.

  • Søknadsfrist er 20. mai.

Les meir om ordninga og søk om tilskot på IMDi sine sider

Kva kan du hjelpe oss med?

Det vil komme mange flyktningar til kommunen vår i nær framtid. Kva tid og kor mange som kjem samstundes er usikkert, men vi ønsker å få ei oversikt over frivillige som kan hjelpe med ulike oppgåver. Det er uforpliktande å melde seg som hjelpar, du vil verte kontakta ved behov og det er forståeleg at det kanskje ikkje alltid vil passe.

Registreringsskjema

Snakkar du ukrainsk eller russisk?

Sunnfjord kommune vil ha behov for folk som snakker ukrainsk eller russisk og som kan bidra når kommunen skal motta og busette flyktningar frå Ukraina.

Snakker du ukrainsk eller russisk og kan tenke deg å hjelpe oss med dette, så ber vi om at du fyller ut skjemaet under.  Innmeldinga er ikkje bindande for deg eller for oss. Vi tar kontakt med deg om/når det er aktuelt.  

Registreringsskjema

Bustader

Kommunen vil få bruk for leigebustader til personar som har fått mellombels opphaldsløyve om som skal busetjast med offentleg hjelp i kommunen.

Dersom du har ein leigebustad som du kan leige ut til eit slikt formål, ber vi om at du registrerer dette.

Registrer utleigebustad

Registreringa er uforpliktande både for deg og for kommunen. Dersom det vert aktuelt for kommunen å leige bustad av deg, vert du kontakta.

Har du ukrainske bøker?

Du kan levere bøkene i skranken hos alle biblioteka i Sunnfjord. 

Les meir på Sunnfjord biblioteket sine sider