Om prosjektet: Førebygging av langtidsfråvær i grunnskulen Idehen Prosjektet varer i fire år, og har som hovudmål å førebygge langtidsfråvær i grunnskulen. Bakgrunn for prosjektet er kartleggingar som viser: Auke i talet elevar med alvorleg skulefråvær. Fråværssaker er systematisk krevjande. Variasjonar i kva grad oppfølginga er god nok. Langvarige fråværssaker får negative konsekvensar for eiga helse, familieliv og fritid. Oppleving av manglande systematikk, fagleg kompetanse og samordning mellom einingar I prosjektet har vi fire overordna mål: førebygge fråvær. auka kvalitet i samhandling. fremje medverknad. bringe fram og skape ny kunnskap Effektmål – det vi ønsker skal opplevast i praksis etter at prosjektet er ferdig, bygger på dei overordna måla: Færre elevar utviklar alvorleg skulefråvær i ungdomssskulen Færre føresette opplever redusert livskvalitet som resultat av uro og manglande oppfølging av ungdommen Samarbeidet skule, BUP, Helsestasjon og PPt har klare rutiner og hjelpa kjem fortare. Resultatmål – dei praktiske tiltaka vi vil skal vere på plass når prosjektet er ferdig Reduksjon i antal elevar med alvorleg skulefråvær Skulane rapporterer ei oppleving av å ha tilgang på naudsynt kompetanse, og at ein lettare får oversikt over relevante faktorar knytt til utvikling av fråværsproblematikk Unge og føresette opplever større rom for medverknad, samt meir heilskapleg oppfølging frå hjelpetenesta enn i dag Gjennomføring av prosjektet: Prosjektet er delt i 3 fasar og går over fire år: Fase 1: Reell medverknad frå elevar og føresette, innhenting av informasjon og kunnskap, utarbeide tiltak. Fase 2: Prøving av tiltak utarbeidde på bakgrunn av fase 1. Fase 3: Evaluering av tiltak, utvikling av endrings- og samarbeidskompetanse, oppretthalde av kvalitet i arbeidet Avgrensing: Prosjektet handlar ikkje om å løyse saker på individnivå, men kunnskap som kjem fram i prosessen kan nyttast i pågåande individsaker. Gjennomføring: Prosjektleiar, prosjektgruppe og arbeidsgruppe skal samarbeide om innhenting av data for å drive prosjektet vidare, og legge eit kunnskapsbaset grunnlag for utviklingsarbeid på systemnivå. Det kan i periodar/enkelthøve hentast inn andre/eksterne ressursar for å sikre rett kompetanse i ulike prosessar – dette vert avklara med prosjekteigar i prosessen. Gregory Idehen Sist endra 14.03.2023 16.35