Om Vevring skule, barnehage og SFO. Vevring skule Vevring skule er ein fådelt skule med elevar frå 1. – 4. klasse, lokalisert mellom fjord og fjell i kunstbygda Vevring. Barnehagen held til i Fjordtun like ved skulen. Skulen sitt inntaksområde strekkjer seg frå Horne (grensa mot Flora) til Redalen (grensa mot sentrum skulekrins). SFO er integrert i barnehagen før skuletid. Etter skuletid har elevane SFO i skulen sine lokale. Fjord, fjell og gode naturleikeplassar er ein viktig del av aktivitetstilbodet i SFO. Skulen sine opningstider er: Måndag: 08.55 - 14.05 Tysdag: 08.55-14.05 Onsdag: 08.55-12.50 Torsdag: 08.55-14.05 Fredag: 08.55-14.05 Satsingsområde Skulen sitt utviklingsområde er «Inkluderande skule- og barnehagemiljø» og arbeid med Fagfornyinga. Visjonen er Rom for alle, blikk for den enkelte. Samarbeid skule-barnehage-heim Vevring skule og barnehage har felles samarbeidsutval. Oversikt over medlemmane - sjå Medverknad Trivselsreglar for skulen Her kan du laste ned trivselsreglane for Vevring skule (PDF, 513 kB) Sist endra27.10.2020 13.13