Sunnfjord kommune

Praktisk informasjon

Du tingar skulefrukt her: https://skolefrukt.no/

Du tingar skulemjølk her: https://www.skolelyst.no/

Som eit ledd i Pals-arbeidet, har Vassenden skule ulike tiltak som vi tilbyr elevar som treng ekstra støtte i ein periode. Ved å trykke på lenka, vil du få opp infoskriv om dei ulike støttesystema. 

 

Vassenden skule har mange ulike tiltak og system i arbeidet med å lage eit godt og trygt skulemiljø. PALS er eit skuleomfattande program der vi arbeider førebyggande i alle klassar og på alle arenaer. Vidare følgjer vi opp elevane med ulike elevsamtalar, kartleggingar og har tilbod om sosiallærarar og skulehelseteneste i begge avdelingar. Kvar av klassane har fysisk aktiv læring (FAL) på timeplanen slik at vi sikrar at alle elevar får minst 30 minutt fysisk aktivitet kvar skuledag. 

Dersom elevar vert sjuke eller skadde i løpet av skuledagen vert dette følgt opp etter eigne rutinar der alvorsgraden vert tatt omsyn til. Ved behov for transport heim, eller legebesøk, er foreldre/føresette ansvarlige for å organisere dette. Vi nyttar Folkehelseinstituttet sine retningslinjer ved omgangssykje. Dette betyr at elevane ikkje skal leverast på skule eller SFO før det har gått 48-timar etter siste gang barnet hadde oppkast/diare. 

Overordna mål er at alle elevar og tilsette på skulen skal føle seg trygge dersom brannsituasjon skulle oppstå. Det er òg viktig at både elevar og tilsette har tilstrekkeleg kunnskap og opplæring i naudsynte brannrutinar. I dette arbeidet utfører vi bl.a.:

  • Årlege varsla og uvarsla brannøvingar (bruk av rutinar)
  • Opplæring av tilsette og elevar etter eigne rutinar som vert evaluert etter kvar øving 
  • Oppfølging og service på brannvarslingsanlegg og brannsløkkingsutstyr

Etter søknad kan grunnskuleelevar få permisjon frå pliktig undervisning inntil to veker (ti skuledagar) når fritak er fagleg forsvarleg. Elevar vil ikkje få innvilga permisjon under eksamen, tentamen, nasjonale prøver og kartleggingar. I tilfeller der lærar manglar vurderingsgrunnlag i eit fag vil det ikkje bli innvilga permisjon. For fri utover to veker gjeld eigne reglar om utmelding. Om det ikkje vert søkt innan oppsett tidsfrist får eleven fråværet ført som ugyldig fråvær. Elevar på ungdomsskulesteget mistar retten etter føreskriftene § 3-41 til å få søkt omgjering av det aktuelle fråværet som vert ført på vitnemålet.

Våre ordensreglar er bygd opp etter  PALS-modellen. Som PALS- skule arbeider vi med å øve inn positiv og god åtferd for å lære dei tre overordna reglane våre; ansvar, omsorg og respekt. Vi har eiga regelmatrise med forventningar til god åtferd, og ein konsekvensplan som vi nyttar ved regelbrot. 

Elevar får informasjon og opplæring i reglane på starten av skuleåret, og foreldre får informasjon på foreldremøte. Det er viktig at elevar, foreldre og tilsette er godt kjende med skulen sitt reglement. Vi oppmodar alle om å lese regelmatrisa og konsekvensplanane godt. 

Kontakt

Vassenden skule
E-post
Telefon 57 72 65 50

Fråværstelefon 1. - 7. klasse:

414 577 22

Fråværstelefon 8. - 10. klasse:

404 09 663

SFO:

947 93 064

 

Adresse

Besøksadresse:
Gjesdal 17
6847 Vassenden 

Postadresse:
Vassenden skule
Postboks 338
6802 Førde