Viktig møte på barneskulen i går!

I går hadde elevrådsrepresentantane i 2.-7. klasse møte med rektor og assisterande rektor. Elevane hadde førebudd seg på å legge fram viktige saker og stille spørsmål frå klassane.  Vassenden2025 sitt prosjekt med å bygge pumptrack (sykkelbane) var den saka flest klassar hadde tatt opp.

Rektor fekk beskjed om at det hastar å få bana klar, og at elevane gjerne kan hjelpe Vassenden2025 i arbeidet med dette.  Av andre saker elevane tok opp var farleg skuleveg, korleis transportere syklar på skulebussar, ønske om å få ha friminutt i hallen, reperasjonar av ulike ting på uteområdet m.m. Rektor AC og assisterande rektor Hilde fekk med seg mange viktige saker å følgje opp i tida framover, mens elevrådsrepresentantane må ta med seg informasjon dei fekk frå rektor attende til klassane. På slutten evaluerte vi møtet der tilbakemeldingane frå både elevane og leiinga var at det hadde vore eit godt, kjekt og veldig nyttig møte. 

Etter at Vassenden skule vart delt i to avdelingar har det vore litt utfordrande å få til eit samla elevrådsarbeid i 2.-10. klasse. Pandemien gjorde det ikkje lettare. Det vart derfor bestemt at vi framover arbeider med elevråd på to litt ulike måtar på barneskulen og ungdomsskulen. På barneskulen skal elevrådsrepresentantane ha møte med skuleleiinga minst to gangar i året.