Parfyme-tiltak på Vassenden skule etter påske

Bilete som viser korleis det vert spraya med parfyme.

Etter gymtimane nyttar elevane stadig mykje meir parfyme, såpe og hårstylingsprodukt. Lærar Nina Farsund, har lang erfaring som både naturfag- og kroppsøvingslærar. Ho har berre opplevd liknande situasjon då ho sjølv var elev på Vassenden skule på 80-talet. Den gangen var det hårspray som var det største problemet i garderobane. På 80-talet gikk det nokolunde bra, for då var utvalet av produkt så dårleg her på Vassenden at dei aller fleste elevar stort sett brukte same hårspray og parfyme. 

I dagens skule er dette ei betydeleg større utfordring. Dette fordi det er så uendeleg mange ulike produkt å velje mellom i butikkane og på nettkjøp. Elevane kjem på skulen med svært ulike sortar parfyme, spray og stylingsflasker i gymbaggane sine. Når dette vert spraya og miksa inne i garderobane etter gymtimane, vert det rett og slett ein stor kjemisk reaksjon. Noko Nina meiner kan vere skadeleg for både folk, men at det og kan blasse ut fargane på interiøret i den nye hallen. 

Nina, som og er verneombod på ungdomsskulen, har derfor gjennomført eit større tverrfagleg forskingsprosjekt. Rett før påske kom resultata hennar, som syner at den kjemiske reaksjonen er så kraftig at ein må setje inn strakstiltak etter påskeferien. Leiargruppa på skulen har derfor bestemt at det framover berre skal nyttast ein sort parfyme på både elevar og tilsette. I tillegg må kroppsøvingslærarane framover dele den ut når elevane er komne heilt ut av Jølstrahallen. Elevane skal stå på rekke og rad utanfor rektor sitt kontor mens kroppsøvingslæraren gir ein spray til kvar elev. Leiinga meiner at dette vil redusere den kjemiske reaksjonen kraftig, og gjere arbeidsmiljøet betre for både elevar og tilsette utover vårsemesteret.

Rektor har enno ikkje fått konkludert med kva parfyme skulen skal dele ut. Dette må ho kome attende til etter at ho har fått undersøkt innskjøpsavtalane skulen har, samt utført nokre personlege testar på lærarane på det første morgonmøtet ho har med dei etter påskeferien. 

God påske alle saman! 

Helsing leiinga på Vassenden skule