Elevane på Vassenden brukar treski igjen! Treski frå Norsk Skimakarforeining Torje Bjellaas Vi er så heldige at vi har fått utlevert 48 par med treski (!) som elevane våre kan nytte når dei er på skulen! I dag har 6. klasse vore ute på bøen og prøvd seg med skileik på treski. Skikkeleg artig! Norsk Skimakarforeining i Noreg har produsert ski med målsetting om at fleire barn og unge skal få prøve seg på ski. Med god hjelp av midlar frå Sparebankstiftinga har dei montert på bindingar på skia. Vi er jammen heldige som berre kan spenne på oss skia og ta oss ei runde på bøen, og i dei fine løypene som Jølster løypelag lagar rett ved skulen! Alle skia står plassert utanfor sløydsalen, og kan også nyttast på fritida. Vi må passe godt på dei! Vi har ein del skisko for utlån i skuletid, men treng fleire. Så om de har skisko i ulike barnestorleikar ståande å støve ned, er det berre å levere dei på skulen. Då kjem dei i bruk på dei nye fine treskia! Ekstra takk til Torje Bjellaas som har vore kontaktperson mellom Norsk Skimakarforening og Vassenden skule! Sist endra 16.03.2023 13.07