Barneskulen testar livberging utandørs!

 Med ny læreplan er livberging i kaldt vatn blitt framheva som viktig også på barneskulen. På tampen av året har elevar i både 4. kl og 7.kl øvd på å redde kvarande i Jølstravatnet. Med ullklede og redningsbøye gikk det fint, sjølv om det framleis er snøsmelting frå fjella. Veldig kjekt og lærerikt!

 

Avisa Firda kjem til å lage artikkel ein av dei næraste dagane. 

(Foto: Vassenden skule)