Sunnfjord kommune

Permisjonsreglement

Permisjonsreglement

Etter søknad kan grunnskuleelevar få permisjon frå pliktig undervisning inntil to veker (ti skuledagar) når fritak er fagleg forsvarleg. Elevar vil ikkje få innvilga permisjon under eksamen, tentamen, nasjonale prøver og kartleggingar. I tilfeller der lærar manglar vurderingsgrunnlag i eit fag vil det ikkje bli innvilga permisjon. For fri utover to veker gjeld eigne reglar om utmelding av skulen. Om det ikkje vert søkt innan oppsett tidsfrist får eleven fråværet ført som ugyldig fråvær. Elevar på ungdomsskulesteget mistar då retten etter føreskriftene § 3-41 til å få søkt omgjering av det aktuelle fråværet som vert ført på vitnemålet.

A: Skulefri inntil 1 dag:
Foreldre kan søkje om permisjon for 1 skuledag direkte til kontaktlærar, som kan gi permisjon i inntil ein skuledag.

Søknad:

  • Søknad sendast via Visma Flyt Skule
  • søknadsfrist: 1 veke før fråværet finn stad

B: Skulefri inntil 2 veker :
Når det er fagleg forsvarleg, kan rektor etter søknad frå foreldra gi den enkelte eleven permisjon frå pliktig undervisning i inntil to veker.

Vilkåret for retten til slik permisjon er at foreldra syter for nødvendig undervisning i permisjonstida, slik at eleven kan følgje med i den allmenne undervisninga etter at permisjonstida er ute - jf. Opplæringslova § 2-11. Etter delegert vedtaksmynde gjer rektor einskildvedtak etter Opplæringslova.

Søknad:

  • Søknad sendast via Visma Flyt Skule
  • søknadsfrist: 2-4 veker før fråværet finn stad

Informasjon: Om barnet skal på hasteinnkallingar til helseundersøkingar, eller det skjer uføresette ting i familien (sjukdom, dødsfall ev), eller blir innhenta som representant innan idrett og kulturaktivitetar med kort frist el.l. tek de kontakt med rektor og eleven får permisjon utanom reglane for søknadsfrist.

C: Skulefri utover 2 veker:

I slike tilfelle skal eleven meldast ut av grunnskulen i det aktuelle tidsrommet, og foreldra er ansvarlege for undervisninga etter lov og forskrift. Retten til opplæring tek slutt i utmeldingsperioden, likeeins kommunen sitt ansvar for opplæringa.

Søknadsfristen (meldefristen) er normalt åtte veker om ikkje anna er avtalt med skulen. Føresette sender søknad til skulen med opplysningar som er kravde under punkt B.  Skulen sender deretter søknad saman med eventuell uttale eller tilråding vidare til kommunalsjef som gjer vedtak. Vedtak er einskildvedtak etter Opplæringslova. Det må søkast i god tid. Kommunen kan nytte inntil 3 veker behandlingstid på søknaden. 

Om fråvær som vert ført på vitnemål for ungdomsskuleelevar:

Føring av fråvær i grunnskolen – Føreskrift til  Opplæringslova § 3-41
Frå og med 8. årstrinnet skal alt fråvær førast på vitnemålet. Fråvær skal førast i dagar og enkelttimar. Enkelttimar kan ikkje konverterast til dagar.

Eleven eller foreldra kan krevje at årsaka til fråværet blir ført på eit vedlegg til vitnemålet. Dette gjeld berre når eleven har lagt fram dokumentasjon på årsaka til fråværet.

Dersom det er mogleg, skal eleven leggje fram dokumentasjon av fråværet frå opplæringa på førehand.

For inntil 10 skoledagar i eit opplæringsår, kan eleven krevje at følgjande fråvær ikkje vert ført på vitnemålet:

a) dokumentert fråvær som skyldast helsegrunnar
b) innvilga permisjon etter opplæringslova § 2-11.

For at fråvær som skyldast helsegrunnar etter bokstav a ikkje skal førast på vitnemålet, må eleven leggje fram ei legeerklæring som dokumenterer dette. Fråvær som skyldast helsegrunnar må vare meir enn tre dagar, og det er berre fråvær frå og med fjerde dagen som kan strykast. Ved dokumentert risiko for fråvær etter bokstav a på grunn av funksjonshemming eller kronisk sjukdom, kan fråvær strykast frå og med første fråværsdag.