Bruk av Visma Flyt Skole i informasjon mellom skule & heim

Samarbeid, føring av fråvære og informasjonsflyt mellom heim og skule skal skje ved bruk av Visma Flyt Skule, der vi sikrar personvernet.  nedanfor er rutina skulen har, som både føresette og tilsette skal følgje opp. Ta kontakt med kontaktlærar ved spørsmål. 

Informasjon til føresette og tilsette på Vassenden skule

Send melding i Visma Flyt Skule når eleven er sjuk og har korttidsfråvær 

  • Meld inn fråvær så tidleg som råd, seinast same morgon klokka 08.30.
  • Klikk på «Meld fråvær» i appen til Visma Flyt Skule
    • Vel dato og ev. tider eleven skal vere vekke
    • Vel type fråvær mellom: sjuk, lege, tannlege, gravferd, sjukehus/spesialist, anna fråvær (timar)

Kva skjer med innmeldt fråvær?

Klasseteamet skal sjekke fråværet for klassa kvar dag før kl. 09.00.

Kva skjer dersom eleven ikkje møter på skulen, og føresette ikkje har meldt inn fråvær eller søkt permisjon?

  1. Elevane vil bli etterlyst
    1.-7. klasse: elevane blir etterlyst i løpet av 1. skuletime
    8.-10. klasse: elevane blir etterlyst rundt 1.friminutt
  2. Foreldre må ta kontakt med eleven for å finne ut kva som har skjedd. Når foreldre finn ut kvar eleven er, informerer dei skulen straks.
  3. Dersom ikkje foreldre får kontakt med eleven innan 30-45 minutt, må føresette vurdere om politiet skal bli kontakta.

Send melding og gi informasjon til skulen via Visma Flyt Skule-appen

  • Pga. personvern har skulen bestemt at færesette nyttar meldingsfunksjonen i appen. Føresette oppmodast om å ikkje sende SMS til lærarane sine private mobiltelefonar. Tilsette skal ikkje svare på SMS som vert sendt til private telefonar.
  • Vel meldingsfunksjon i appen – skriv inn meldinga di
  • Vel kven som skal kunne motta meldinga di (kontaktlærar, og ev. administrasjon/leiing)

Søke permisjon i Visma Flyt Skule

  • Det er ikkje mogeleg å søke permisjon via appen
  • For å søke permisjon må føresette logge på internettløysinga
  • Det skal søkast permisjon på tidlegast mogelege tidspunkt. Sjå permisjonsrutinar på nettsida til skulen.

Send trygge e-postar til skulen via eDialog

  • Tilsette på skulen skal ikkje sende e-postar som inneheld sensitivt innhald. Vi oppmodar føresette til å heller ikkje gjere dette.
  • Bruk eDialog med bruk av MinID. eDialog
  • Slik brukar du dette:
    • Fyll ut obligatoriske felt (merka med raud *)
    • Vel om du er privatperson eller verksemd
    • Skriv i «Tittel» kva saka gjeld – gjerne med saksnummer frå kommunen sitt brev
    • I «Kommentar» fyller du ut svaret ditt
    • Du kan laste opp vedlegg til brevet. Dei vanlege filformata er støtta
    • Klikk på «Send». Sendinga vert då kryptert og sendt direkte til Sunnfjord kommune. Du får kvittering med referansenummer på SMS eller e-post

Telefonkontakt med tilsette

  • Kontaktlærarar, rådgjevar, sosiallærar, hovudstegsleiar, kontor, SFO- leiar og leiinga har eigne telefonnummer som er knytt opp til Teams.
  • Tilsette skal ikkje gi ut private telefonnummer i skule/heim samarbeidet. Tilsette kan kontaktast på utlevert arbeidstelefonnummer og brukar Teams-appen på telefon/PC til samtalar med heimen.

Samarbeid i enkelte elevsaker

  • Gjeld elevsaker der både heim og skule må samarbeide ekstra tett over tid, der det gjerne òg er inne fleire instansar i tillegg til skule og heim
  • Leiinga opprettar Visma Stafettlogg (BTI) for å koordinere samarbeidet og loggføringa