Historie
Slåtten skule stod ferdig til skulestart hausten 1994. Første skuleåret hadde vi 26 6-åringar som frivillig hadde siste barnehageåret på skulen. 1997 var året alle 6-åringar tok til i skulen, og grunnskulen vart 10-årig.
Skulebygga
Elevane på 1. steget og SFO for 1. og 2. steget nyttar same romma i Løvetanna (Hus 2). SFO for 3. steget har SFO-basen sin i underetasjen i Skogstjerna (Hus 4). SFO for 4.steget er dette skuleåret i Kantarellen (Hus 5).
Skulen har seks separate hus: Blåklokka (administrasjonsbygget, Hus 1), Løvetanna (Hus 2), Raudkløveren (Hus 3), Skogstjerna (Hus 4). Kantarellen (Hus 5) (2007) og Firkløveren (Hus 6) (2015).
Elevar og tilsette
Skuleåret 2022-23 har vi ca. 360 elevar. Det er ca. 200 barn på SFO.
I tillegg til rektor, assisterande rektor, konsulent og dagleg leiar på SFO er det 31 lærarar og 22 assistentar/fagarbeidarar i skule og på SFO.
Uteområdet
Vi har eit stort og flott uteområde (34 mål) med høve til variert leik og fysisk aktivitet. Uteområdet er i stadig utvikling. Grindbygget stod ferdig våren 2018. I Grindbygget er der klartevegg, skaterampe og bordtennisbord, til stor glede for elevane våre.