Sunnfjord kommune

Verdiar, visjon og trivsel.

Verdiar, visjon og trivsel.

Vi legg vekt på både læring og trivsel og har eit «tak» over det heile med ein visjon om at vi må vere på same lag,  og jobbe mot same mål skal vi lykkast. Å skape VI –kjensle er heilt sentralt i vårt arbeid på skulen..

Klikk for stort bilete Visjonen eller slagordet skal vere retningsgivande for arbeidet vårt og filosofien bak visjonen 

Sunde skule og SFO skal saman med Sunde barnehage vere eit samlingspunkt i Sunde krins, og jobbe for heilskap og samanheng i ungane sin utvikling sosialt og fagleg.

Vi skal vere ein inkluderande skule som skaper aksept for at vi er ulike, treng ulike utfordringar, er flinke på forskjellige område og har forskjellige behov. 

Skal elevane våre trivast og utvikle seg fagleg og sosialt må skule og heim aktivt samarbeide med felles målsetting og god dialog.

Vi skal ha faglege og dyktige medarbeidarar  med engasjement og optimisme som samarbeider med kvarandre, utnytter dei sterke sidene hjå kvarandre og jobbar mot same mål.

.

Elevsyn

Alt vi gjer skal ha eleven si læring og trivsel  i sentrum, vi har 4 prinsipp som vi følger i skulen vår.

  • Alle elevar er forskjellige og lærer på forskjellige måtar og i ulikt tempo
  • Alle elevar skal oppleve meistring ( både sosialt og fagleg) 
  • Alle elvane er ”våre” elevar – ikkje ”mine og dine”
  • Alle elevar skal oppleve å vere ein del av fellesskapet